Kommentar
EGYPT: Kyrkje i kloster. Illustrasjonsfoto.
Kari Fure
Draumen om eiga kyrkje vart brutalt knust
Kor mykje ville eg vore villeg til å risikere for å få bygt ei kyrkje? Eg veit ikkje. I ein landsby i Øvre Egypt veit dei. Der kunne kyrkjedraumen kosta dei alt.
Området Minya i Øvre Egypt er som ei kruttønne. Radikale islamistar står sterkt. Dei kristne veit inderleg vel at dei er ein liten, sårbar minoritet. At dei må gå varsamt fram, så dei ikkje provoserer fleirtalet.
Likevel har dei vel 3.000 koptiske kristne som bur i landsbyen Al-Azeeb våga å drøyme. I årevis har dei drøymt om å få si eiga kyrkje, så dei slapp å køyre langt av garde for å gå på gudsteneste andre stader. Men dei visste at draument var urealistisk.
Lenge var det nærast umogleg å få løyve til å reise nye kyrkjer i Egypt. Sjølv søknader om løyve til å gjere mindre reparasjonar, kunne det ta år å få svar på.