| I Fokus
Draumen om ei vakrare verd
VAKKER VERD: Det er ikkje naivt å drøyma om ein vakrare verd, skriv Erling Thu.
Solveig Vikene / NTB
Vi lever i ei verd med krig, liding og hat. Likevel drøymer dei fleste av oss om ei vakrare verd. Det er som om vi alle ber på minnet av eit tapt paradis og lengtar tilbake til eit fredfullt og harmonisk liv, eit liv i pakt med naturen i Guds velskapte hage.
Difor drøymer vi om eit liv utan krig og hat. Alle drøymer om ein tilstand der alle elskar kvarandre. Vi lengtar etter ei verd der det er rettferd, fred og vennskap. Når vi høyrer Jesu forkynning om Guds rike, veks lengten etter noko betre enn det vi lever i.
Evangeliet om Guds rike gir næring til draumar om noko vakrare enn det vi ser rundt oss. Jesu bodskap om Guds rike skaper håp om endring, at krig, liding og hat skal få ein ende. Evangeliet lærer oss at Jesus er verdas frelsar. Han kom for å gjera ende på alle djevelens vonde gjerningar.