| Debatt
Distrikta i forfall og kva skjedde med folkets Ap?
DISTRIKSPOLITIKK: I dag er me berre om lag 40 prosent sjølvforsynt med mat, skriv Arild Tveranger.
Tore Meek / NTB
Tveranger garden i Solund vest i Sogn har det vore drift og liv sidan 1500 talet, men ein vårdag i 1965 var det slutt. Bestemor gråt når båten med familien forlét sjøbua med kurs mot sentrale strøk i Alver.
Gården som var samhaldet til familien i generasjonar, inkludert bygda, skulen, blei borte.
Kvifor gjekk det slik? Me fekk nei frå lokale styresmakter til veg som var nødvendig for å bu på garden vidare. Men sentrale styresmakter med Ap ved roret hadde også ein hand på rattet i dette spørsmålet. Ikkje nok med at vegen blei borte, så fekk mine foreldre ei årslønn i flyttetilskot for å slutte med gardsdrifta. Avgjerda var enkel og dyra vart sendt til slakteriet.