☀️ 1 krone for 1 måned

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Frispark

Digitalt hjelpelaus

UTANFORSKAP: Det skal vere mogleg å leve i det norske samfunnet utan å vere digital, men også utan å oppleve utanforskap, skriv Kjersti Toppe.
Publisert

Eg sto i ein butikk for å kjøpe ei vare og fekk det vanlege spørsmålet: er du medlem her? Kjenner du deg igjen? Eg er svært lei det systemet. Eg vil ikkje melde meg inn i alle slags ulike kundeklubbar. Eg vil berre betale og kome med heim. Men så er det jo også dumt å betale meir berre fordi du ikkje er medlem. Så eg søkjer opp QR- koden og klikkar meg inn på linken. Den unge dama bak disken seier at jo, eg må skrive inn heile fødselsdatoen min, og heile adressa mi kor eg bur. Telefonnummeret også. 

Eg som berre skulle kjøpe dei lysa til dåpen til barnebarnet mitt dagen etter, sto der og prøvde å fylle inn mine personlege opplysningar etter alle kunstens reglar. Så skjer det eg fryktar, eg klarar berre ikkje å registrere meg. Eg må gi telefonen min til den unge dama bak disken, ho prøver å hjelpe, gir telefonen tilbake til meg og eg prøver ein gang til. Og ein gang til. Men nei, eg får ikkje til å bli medlem.

I iveren etter å digitalisere samfunnet, gløymer vi dei som fell utanfor.

Powered by Labrador CMS