Leder
SENTRAL-ASIA: Historiene desse mennene fortalde rysta meg langt inn i ryggmargen, skriv Kari Fure.
Kari Fure
Difor har eg meint at det var viktig å skrive om forfølgde kristne
Det er 20 år sidan no. Eg var på mi første reise til eit land der kristne blir forfølgde for trua si. Det var eit land i Sentral-Asia, der staten slo hardt ned på den vesle flokken som var blitt kristne etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing.
Difor måtte vi møtast i største løyndom. Vi leigde rom på ein restaurant og let som om vi hadde selskap. Kvar gong servitørane kom inn, snakka vi høgt og lystig. Når servitørane gjekk ut att, kviskra vi.
Rundt bordet sat ein eldre kar og fem unge menn. Historiene dei fortalde rysta meg langt inn i ryggmargen. Eg kan framleis gjenkalle smerten eg kjende på deira vegne.