FORVALTNING: Om bonden skal sjå ungane sine driva garden etter seg, må han kjenna naturen der han driv, skriv Nils T. Bjørke.

Difor er kløveren grøn

Kløveren til Senterpartiet er grøn fordi me veit korleis ein forvaltar jord, skog og dyr over generasjonar. Om bonden skal sjå ungane sine driva garden etter seg, må han kjenna naturen der han driv. Han må veta nok om lokale tilhøve til å sikra gode avlingar både i dag og i framtida. Erfaringa med å arbeida på lag med naturen ligg i botnen av Senterpartiet sin klimapolitikk.

Senterpartiet vil at me skal gje kloden over til neste generasjon slik eg har gjeve garden over til ungane mine, ved å forvalta han rett. Kjennskapen til kretsløpet i naturen ligg i botn når me har hastverk med å nå måla i Parisavtalen og avgrensa temperaturaukinga til 1,5 grad. Noreg må setja naturen i arbeid og utvikla produksjon, forbruk og økonomi til å arbeida på lag med klimaet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Senterpartiet sin klimapolitikk er tufta på erfaring med jordbruk og skogbruk. Me meiner forvaltning og bruk av skogen er ein viktig del av klimaløysinga. Produktivitetskrava til landbruket må gje rom for klimavenleg drift. Samstundes vil me etablera eit klimafond for å utvikla ny klimateknologi.

Industriutviklinga må raskt i retning grøne arbeidsplassar. Me må styra mot ein sirkulær økonomi. Transportsektoren må endrast med til dømes moderne togtilbod som kuttar reisetida frå Oslo til Bergen med ein time og 10.000 hurtigladarar for elbilar i heile landet før 2030.

Klimapolitikken må vera praktisk og gjennomførast på eit vis som tek omsyn til at folk sin kvardag skal fungera.

Ein god klimapolitikk er ein heilskapleg politikk der klimamåla ligg i botn av forvaltninga av alle samfunnsområde. Staten må ta aktive grep og ikkje venta på marknaden for å få det til.

Klimapolitikken må vera praktisk og gjennomførast på eit vis som tek omsyn til at folk sin kvardag skal fungera, både i bygd og i by. Løysingane må vera tilpassa naturen slik me kjenner han lokalt. Me vil velja klimatiltak som ikkje aukar forskjellane mellom folk og ikkje gjev tap av verdifull natur.

Slik står Senterpartiet sin klimapolitikk med føtene trygt planta i jorda der den grøne kløveren gror.