Leder
IMPULS 2023: Frå den kristne ungdomskonferansen arrangert av IMI-kyrkja i Stavanger.
Benjamin Høyland / Impuls
Difor er Impuls så viktig
Å kunne reise på leir og festival har vore verdfullt for unge kristne i generasjonar. No er det viktigare enn nokon gong.
I helga vart det arrangert Impuls i IMI-kyrkja i Stavanger, for første gong etter pandemien. Så stor var interessa at påmeldinga måtte stenge. Det var fullt hus. Den store tilstrøyminga er eit signal om kor avgjerande det er for unge kristne å kome saman.
Det er viktig for ungdomsgenerasjonen som fekk pandemien rett i fleisen og som har gått glipp av så mykje. I avgjerande år, då dei skulle finne ut kven dei var, knyte vennskap og samle minne for livet, var samfunnet nedstengt i lange periodar. Dei vart sende heim til isolasjon og digital undervisning. No treng dei å ta igjen det tapte.