Leder
TRYGG: Eit lite barn søv trygt. Illustrasjonsfoto.
Frank May/NTB
Dette takkar eg Gud for
Eg takkar Gud for at eg fekk vere småbarnsmor i eit fredeleg land. For eg har sett korleis det er å vere mor i krig.
Som journalist i Dagen har eg sett mødre gråte for barn som døde og barn som var bortførte, for farlause, heimlause, redde barn, for barn som var sjuke og ikkje fekk nok mat. Og det pregar meg, så eg ikkje greier å legge det frå meg.
Eg har lytta til mødre som såg framtidsdraumane smuldre vekk mellom fingrane, fordi dei sat fast i flyktningleirar og ikkje kom i gong med livet. Medan barna vaks og ikkje fekk oppleve anna enn elendigheit.