| Debatt
Dette kjenneteiknar kristne i dei eldste kyrkjesamfunna
KRKJEKUNST: Katolikkar og ortodokse elskar kyrkjekunsten sin. Desse verka er framstilte med ærefrykt og peikar fram mot Guds rike, skriv Solrun Nes (bildet).
Peter Pletten
Fra tid til anna ser vi protestantiske åtak på den katolske kyrkja bli gjentatt i aviser og i kommentarfelt. Det verkar som om det med nokre månaders mellomrom blussar opp ei ny bølgje av tildels fordomsfull kritikk. Det ville vore lettare å ta dei på alvor dersom dei ikkje berre var gjentakingar av dei same argumenta som dyktige katolske teologer har korrigert eller forklart mange gonger tidligare.
I ei tid prega av mange konverteringar til både den katolske og den ortodokse kyrkja, er det forståeleg – og kanskje ikke heilt uventa – at protestantiske kyrkjer hamnar i ein defensiv posisjon.
Likevel synest bekymringane overdrivne, og argumentasjonen er ofte upresise.