🍁 1 krone for 1 måned

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Frispark

Det tredje kallet

KALLET: Eg har lyst til å slå eit slag for det tredje kallet. Når Gud tildeler sine nådegåver og oppdrag, må vi som kyrkjer sørgje for å stadfeste dette hos unge kristne, skriv Rolf Kjøde (foto).
Publisert

Denne hausten har eg 50 års jubileum. Eg gjekk i andre klasse på gymnaset og var ein heller sløv elev som ikkje tok meg tid til å arbeide med skolen og stadig skulka. Til jul fekk eg ikkje karakter i norsk fordi eg ikkje gadd å levere stilar, enda eg elles gjorde det svært godt i faget. Året etter fekk eg starte 3. klasse på prøve, fordi den faglege latskapen min hadde ført meg til karakteren 1 i matematikk før sommaren. På reallinja.

Hausten 1976 var vi to kameratar på 17 som starta både ein ny ungdomsklubb og eit nytt ungdomskor på Spjelkavik bedehus. Vi drog på leiarkurs med innlegg og foredrag. Eg var leiar på leir, formann i Ålesund KrFU, med i fylkesstyret i same ungdomsparti og diskuterte med marxistane i skolepolitikken.

I dette rotete og hektiske livet jobba eg med eit «kall». Ei indre røyst sa til meg at eg skulle bu meg på å bruke livet til å forkynne Guds ord. Nokre vaksne som ikkje visste om det rufsete livet mitt som gymnasiast, gav meg signal som stadfesta det. I mitt indre blei det lagt ein kurs som eg ikkje kunne kome utanom. 

Powered by Labrador CMS