BISKOP: Det var heilt konsekvent at Børre Knudsen let seg vigsla til biskop. Etter hans og mange sitt syn hadde biskopane abdisert ved å godta staten som kyrkjestyre etter innføring av abortlova, skriv Ingvard Hageberg. Biletet er frå bispevigslinga i Kautokeino kyrkje 6. april 1997. FOTO: Dagen arkiv

Det tause skriket

At kyrkja var så taus ved Børre Knudsen sin bortgang kan og tolkast eller høyrast som ei artikulering av nettopp «Det tause skriket», eit kjent uttrykk frå Børre Knudsen sin kamp.

Eit markert kapittel i norsk historie og kyrkjehistorie er avslutta med Børre Knudsen sin bortgang. Det har blitt kommentert frå mange ulike hald, men det einaste eg har registrert frå offisielle kyrkjelege organ er ein negativ kommentar frå bispemøtets preses. Det er talande!

Torsdag 11.09 var eg tilstades ved ei minnegudsteneste i Korskirken i Bergen. Ragnhild Knudsen og dottera Kjersti var der og. Sterke inntrykk frå Kjæreng sin film set og framleis i meg. Saman med Ludvig Nessa sine minneord torsdag har dette ført til ny refleksjon kring Børre sin misjon, «biskop Børre», som han vart omtala. Og det var heilt konsekvent at Børre Knudsen let seg vigsla til biskop. Etter hans og mange sitt syn hadde biskopane abdisert ved å godta staten som kyrkjestyre etter innføring av abortlova.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg var tett på det som skjedde dei første åra, som ein av dei som slo opptakten til lønsstøttefondet. Seinare var eg nokre år leiar av Kontaktnett for kyrkjeleg samhald. Min protest mot abortlova og det kyrkjelege maktspelet toppa seg i at eg, saman med ein del andre, trekte tilbake embetseiden. Og det var ei djupt alvorleg handling. Etter det som hadde hendt, var det uråd for meg som prest å ha ståande ein eid til statsmakta. Dei fleste av oss kosta det lite, kanskje eit prosteembete, og for Egil Morland truleg ein bispestol. For Børre og familien vart det høgare kostnader.

Spørsmålet som har arbeidd i meg etter å ha sett filmen er dette: Kva kunne eller burde eg og andre ha gjort annleis? Noko endeleg svar har eg ikkje funne, og det lyt eg leva med.

Ludvig Nessa sine minneord torsdag minte meg på nytt om at Børre Knudsen sin kamp hadde to frontar: Den eine var mot staten og dei politikarane som svikta livet og barnet i mors liv og som gav oss abortlova. Den andre fronten var mot biskopane og leiarskapet i kyrkja. Dokumentet «Kirkens grunn» frå 1942 var basis for Børre Knudsens aksjon. Abortlova var meir alvorleg enn det som styresmaktene under krigen gjorde seg skuldige i, meinte me. Situasjonen kravde meir enn store ord. Om ikkje styresmaktene ville snu, var det grunnlag for brot mellom stat og kyrkje. Kirkens Grunn peika på ein situasjon der makta hadde skilt lag med retten.

Då Børre starta sin aksjon, kvifor landa biskopane, som då var «kyrkjeleg» kyrkjestyre, der dei gjorde? Kvifor svikta dei «Kirkens grunn» frå 1942? Det som gjekk føre seg kring Børre Knudsen sin aksjon var, så langt eg kan sjå, eit kyrkjeleg maktspel der Knudsen vart ofra på folkekyrkja eller kyrkjereformane sitt altar.

Først og fremst Andreas Aarflot regisserte dette spelet. Han var kyrkjeleg reformpolitikar som hadde eit klårt mål for auga. Kyrkja måtte frå sjølvstende i høve til staten, og dette vart hans livsverk.

LES OGSÅ: «En prest og en plage» til dannelse og forakt

I same periode som rettssakene mot Børre gjekk i rettsvesenet arbeidde Stortinget med reformer som skulle gi kyrkja større sjølvstende. Kyrkjemøte skulle opprettast, tilsetjing av prestar skulle overførast til «kyrkja sjølv», kyrkja skulle få ei lærenemnd som skulle ha siste ord i lærespørsmål. Dette låg før hos kongen, det vil seie regjeringa. Desse sakene stod på programmet. Den kyrkjelege atmosfære var lada med forventning. Så dukka det altså opp ein rebell som evna å kle av alle talemåtar og syna kva som eigentleg stod på spel. Og talet på svangerskapsavbrot sidan då nærmar seg ein halv million.

Like etter at høgsterett hadde stadfesta dommen mot Børre Knudsen var eg, som ein av fleire frå kontaktnettet med på eit møte med biskop Aarflot og dåverande leiar i Presteforeningen, Ola Rypdal. Møtet var heime hos Rypdal. Det låg spenning i lufta. Frå Aarflot si side gjekk det på kva som no ville skje. Kva aksjonar kunne det koma frå kontaktnettet? Og i Stortinget var saka om kyrkjereformene ikkje avklart. Det sat langt inne hos mange i arbeidarpartiet å gi kyrkja større fridom. Det var tydeleg sagt av fleire at større fridom måtte koma på vilkår av at kyrkja spelte korta sine med «visdom». Børre Knudsen vart ein joker i dette spelet, og det same var kontaktnettet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg minnest at Aarflot ut i møtet spurde kva me trudde no ville skje. Kunne ein venta seg aksjonar frå kontaktnettet? Eg viste til dei som hadde kalla tilbake eller presisert reservasjonar mot embetseiden, men svara at ingen aksjonar var planlagde. Vår vurdering var at det kunne koma ulike individuelle reaksjonar. Nokre ville nok fylgja Børre Knudsen sitt mønster. Somme ville kanskje søkja avskil i protest. Andre ville søkja seg over i anna teneste, og mange ville oppleva at frimodet og gleda i tenesta vart borte. Mellom teologistudentar visste me om fleire som ville avstå frå presteteneste. Då Aarflot høyrde dette, sukka han letta.

Reformene fekk fleirtal. Vår vurdering synte seg å vera rett, og Børre Knudsen vart nok på mange måtar ståande åleine.

Mange hadde store voner til lærenemnda, ikkje minst på konservativt hald. Difor var det eit slag for mange at første gong lærenemnda kom i funksjon, vart grunnlaget lagt for å reisa avskilssak mot Asle Dingstad.

Det høyrer og med til historia at etter dommen i lagmannsretten, skreiv Aarflot ein artikkel i tidsskriftet «Lov og rett» med tittelen: Jus i sacris. Der gav han høgsterett oppskrifta på korleis dei kunne vurdere Børre Knudsen si sak på ein måte kyrkja kunne leva med.

Seinare har utviklinga gått sin gang. Det har kome nye konfliktar mellom stat og kyrkja. Ekteskapslova er den siste, og det politiske trykket har utan tvil gjort at kyrkja har tilpassa seg politiske forventningar. Det var nok og prisen ein måtte betala for det såkalla kyrkjeforliket for nokre år sidan.

Harald Stanghelle i Aftenposten skreiv her om dagen slik om biskopane si handsaming av Birkeli-saka: «Den norske kirkes posisjon var viktigere enn sannheten.» Om Børre Knudsen si sak kan det seiast: Den norske kyrkja sin posisjon vart viktigare enn barnet i mors liv. At kyrkja var så taus ved Børre Knudsen sin bortgang kan og tolkast eller høyrast som ei artikulering av nettopp «Det tause skriket», eit kjent uttrykk frå Børre Knudsen sin kamp.

Les også
«En prest og en plage» til dannelse og foraktBørre Knudsen
Les også
Han ble stående sørgelig alene
Les også
Børre Knudsen som predikant
Les også
Markerer Børre Knudsens død
Les også
Hovedårsakene til at kristenlivet i Norge går tilbake