| Debatt
Det store alvoret ved dødens port
PRESES: Olav Fykse Tveit i gravferda til kong Harald.
Lise Åserud / NTB
Kongen si gravferd har på ny sett fokus på livet sin utgang og tilhøvet til den vesle bibelen, Joh.3,16. Eg har før sagt at eg var ikkje veldig forundra over at Preses valgte bort bibelordet - i strid med gjeldande obligatoriske liturgi. Eg blei meir forundra over forklaringa hans i ettertid og støtta han har fått frå fleire teologar.
Eg har så peikt på at min sterkaste kritikk gjekk på at han sløyfte innleiingsorda og opplegget med skriftlesinga. Dette har dobbel konsekvens - tilhøyrarane i kyrkja og alle oss andre som følgde med, fekk ikkje høyra det Den norske kyrkja faktisk lærer. Den andre konsekvensen er at biskopen si sjølvtekt lett gir presedens for andre sin vilkårlege praksis.
Det eg sakna mest var altså dette: «Lat oss høyra kva Guds ord vitnar om livet og døden, og dommen og vår von i Jesus Kristus. Deretter følgjer tre lesningar. Tekstane vel ein slik at dei dekkjer dei tre innhaldsmomenta som er nemnde framfor.» (utheva av meg).