Meninger
MORLAND: Egil Morland er professor i teologi og tidlegare rektor ved NLA Høgskulen.
Tarjei Gilje
Det kristne treng no er ikkje djupare skyttargraver
Eg er redd for ein kristendom som har nok med det som skjer i kyrkja. Endå meir er eg redd for skyttargravskristendom. Både kyrkja og samfunnet tapar om eit kristent verdsbilete blir borte frå den offentlege samtalen.
Det er mykje godt å seie om gudstenester, om både lovsong, forkynning og bøn, og vi treng å tilhøyre eit fellesskap. Men nettopp i ei tid som vår, treng vi fleire frimodige kristne som vil finne sin plass i den offentlege samtalen, og som vil kjempe for dei verdiane vi finn i Bibelen.
Til dømes at alle menneske er uendeleg mykje verdt, at nestekjærleik er betre enn å gjengjelde vondt med vondt, at vi har ansvar for å ikkje berre tenkje på oss sjølve, men ta vare på jorda og det ho gir oss. Og at det er godt for mennesket å bøye seg for Gud, ikkje berre for staten.