DET GRØNNE SKIFTET

No blir «smarte» straummålere montert i alle husstander, meir eller mindre mot huseiers ønske. Desse skal monteres, og det skal god grunn til for å slippe dette.

Personlig kan eg ikkje sjå fordeler med desse, framfor dei gamle. Straumforbruket blei lest av samvittighetsfullt den første i kvar måned. Var det ikkje mulig, blei det avrekna eit estimert forbruk som blei ordna opp i etterpå.

Desse nye og smarte målarane skal gi ein meir korrekt avlesing, og måling. Det er eg ikkje heilt sikker på, men dette er nok ein måte å kontrollere oss og styre våre aktiviteter på. I dagens samfunn legger me elektroniske spor etter oss over alt. Betalingskort, bompasseringer, varer du kjøper i butikken, nøkkelkort osv, osv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No skal rutinene i våre private heimar (privatlivet vårt) styres enno meir. Straumen blir dyrere i dei tidene på døgeret me brukar mest. Slik at klesvask, lading av el-bil, dusjing, matlaging må utsettes til andre tidspunkt enn vanlig. Ellers blir ein straffa med høgare pris. På slutten av 1960-tallet (meiner eg det var) var det H4-tariff for normalforbruk, og H3-tariff for overforbruk. No er me på vei dit igjen, med ein ny «effektavgift» som er integrert i straummålerne. Denne er ikkje effektuert enno, men den kjem.

Dette styrer då rutinane i heimane slik at det gjerne blir klesvask på nattetid. Dette er imidlertid ikkje ufarlig. Tørketrommel som står på kan ta fyr. Dette kan få store konsekvenser om det skjer om natta, eller når det ikkje er folk heime på dagtid.

Straumforbruket går opp i Norge. Grønn energi. Det er eit stadig aukande antall el-biler som skal lades. Ferger begynner no for fullt med el-drift. Tesla har produsert ein lastebil som treng mykje straum. Det blir ekstra stor belastning på el-nettet med hurtiglading med såkalte superladere. Lastebilen frå Tesla kan også hurtiglades: på 30 min. bruker den 1200 KW!! Det er forbruket til 700 norske hustander om ein reknar at kvar husstand bruker 20.000 KW/år. Så kapasiteten må økes. Dette koster penger. Dette fører til høgare nettleige. Dette blir det samme som bompenger på veiene; ekstra skatt for bedre veier. No går nettleiga opp fordi linjenettet må utvides. Videre planlegges det å bygge nye kraftkabler til utlandet. Her eksporteres det så mykje rein kraft at Norge må kjøpe tilbake kraft frå kullkraftverk!

Men i Norge er ein blitt så forblindet av «det grønne skiftet» at ei ser bare grønt. For faktum er det at mykje av den reine (les grønne) energien Norge naturlig har, blir eksportert. Den kunne Norge hatt til å virkelig, og langt på vei, gjennomføre det grønne skiftet. Denne edle muligheten blir borte når kullkraft blir importert, og ladet inn på batteria på miljøvennlige biler og ferger. Men me kan slå oss på brøstet å skryte av at i Norge kjører me rundt i miljøvennlige biler fordi dei går på el drift. Kva slag el drift? Jo, ganske sannsynlig miljøforurensende kraft frå kullkraft. Er det ikkje fint??

Så det bildet av ein som står å lader el-bilen sin frå eit dieseldrive aggregat, blir kanskje ikkje så morsomt likevel. Med moderne euro5 og euro6 dieselmotorer er dei miljøvennlige i forhold til kullkraft!!

Så om dette ikkje er nok, så har fleirtalet på Stortinget vedtatt samarbeid med EU`s energibyrå ACER. Statnett og NVE blir underlagt overvåkningsorganet ESA, der ACER bl a vil kunne overprøve elektrisitetsmarkedet og ha ei overprøvande rolle over Norge. Norge gir ifrå seg suvereniteten over egen rein fornybar energi til eit energibyrå der Norge ikkje eingong har stemmerett.

Partiet De Kristne (PDK) har respekt for folkets to ganger nei til EU medlemskap. Nei fleirtalet er fortsatt meget stort, men stortinget respekterer det ikkje.

PDK vil ha kontroll på vår egen verdifulle vannkraft. PDK meiner Norge ivaretar den best sjølv, og er sterkt imot å avgi suverenitet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg vil oppfordre til å lese programmet på www.dekristne.no


Mvh

Lars-Kåre Katla

Folkevalgt, Partiet De Kristne

Bømlo