Det gjeld å bli kvitt gjeld

- Kuns­ten er å vite kor mykje gjeld vi toler. Kre­di­to­rar som raust deler ut pen­gar, vil nåde­laust krev­je dei til­ba­ke - med ren­ter, skriv Tore Hjalmar Sævik.

Dei fles­te av oss lever med lån. Utan ei eller anna form for kre­ditt er det van­leg­vis vans­ke­leg å skaf­fe seg hus, bil og ut­dan­ning. Ein kan verte så for­sik­tig med gjeld at ein råkar seg sjølv og sine. Men faren er nok stør­re for det mot­set­te: å verte for ufor­sik­tig.

Kuns­ten er å vite kor mykje gjeld vi toler. Kre­di­to­rar som raust deler ut pen­gar, vil nåde­laust krev­je dei til­ba­ke - med ren­ter. For tida er ikkje ren­te­ne så mykje å snak­ke om, sa­man­lik­na med det dei tid­vis har vore tid­le­ga­re. Men det kan jo endre seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein brite eg snak­ka med, opp­sum­mer­te det en­kelt og greitt: Gjelds­pro­blem kjem av at vi kjø­per ting vi ikkje treng for pen­gar vi ikkje har for å im­po­ne­re folk vi ikkje likar.

Sjølv bur han i eit land som slit med ei svim­lan­de stats­gjeld og stre­var med å få skik­ke­leg fart på øko­no­mi­en etter fi­nans­kri­sa.

I USA er si­tua­sjo­nen ikkje betre. For­de­ler ein den stat­le­ge gjel­da på dei drygt 317 mil­lio­na­ne som bur i lan­det, ut­gjer ho over 300.000 kro­ner pr. per­son. På nett­sta­den us­de­b­tclock.org kan ein sjå kor­leis gjel­da veks for kvart se­kund, i eit for­ry­kan­de tempo.

Det er ikkje rart at of­fent­le­ge bud­sjett ska­per stort en­ga­sje­ment i «The land of plen­ty». Ein treng ikkje rare øko­no­mis­ke kom­pe­tan­sen for å for­stå at noko har gått al­vor­leg gale og må ret­tast opp. Spørs­må­let er kor­leis. Svara spri­ker, for å seie det mildt.

Er det umo­ralsk å ha ei så stor gjeld? Ma­ga­si­net Chris­tia­ni­ty Today har ut­ford­ra tre krist­ne ten­kja­rar til å drøf­te spørs­må­let. Dei vur­de­rer si­tua­sjo­nen for­skjel­lig. Ein av dei mei­ner det størs­te pro­ble­met i USA er den store øko­no­mis­ke ulik­ska­pen mel­lom inn­byg­gja­ra­ne, og hev­dar lan­det kan takle endå meir gjeld enn det alle­reie har opp­ar­beidd seg.

Dei to andre mei­ner kre­ditt­si­tua­sjo­nen vit­nar om ein livs­stil som drei­ar seg om å leve på for­skot - og som kan ende i både øko­no­misk og ån­de­leg ruin. Der­for tek dei til orde for smerte­ful­le kutt.

Eit av dei store pro­ble­ma med ein ukri­tisk kul­tur for å ta opp lån, er at han har ein tendens til å skli sta­dig meir ut. Det ser vi teikn til også i Noreg. «Ung­dom mel­lom 19 og 26 år skyl­der til sam­men over én mil­li­ard i in­kasso­gjeld», melde NA24.no i som­mar. «Nors­ke unge er kjap­pe­re ute med kre­ditt­kort enn i våre nabo­land», skreiv Dine Pen­ger i haust.

Det er fort gjort å skul­de unge for mang­lan­de an­svar og kort­sik­tig øko­no­misk ten­king. Men det er nok dess­ver­re også litt for lett­vint. Når såvel vaks­ne ein­skild­per­son­ar som verk­sem­der og sta­tar lever høgt på lånte res­sur­sar, er det ikkje rart om unge men­nes­ke vel å gjere det same. I Noreg har vi så store olje­inn­tek­ter at vi knapt mer­kar at vi for­bru­kar meir enn vi pro­du­se­rer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Slik kan vi neppe halde fram på sikt. Om vi bru­kar det vi ikkje har, vil vi ein dag ikkje ha det vi vil bruke. Så en­kelt er det - og så vans­ke­leg.

DAGEN

Tore Hjalmar Sævik

journalist i Dagen

Les også
Nordmenn satte ny rekord i sparing