❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Leder

PREIKE: Det er et dårleg teikn at Den norske kyrkja ikkje legg meir vekt på å løfte fram det samla bibelske vitnesbyrdet i forkynninga, skriv Dagen på leiarplass. På biletet ser vi preses Olav Fykse Tveit i Nidarosdomen.

Det gamle testamente høyrer også heime på preikestolen

Torsdag startar årets Kyrkjemøte i Den norske kyrkja. På dagsordenen står mellom anna eit forslag om å oppheve ordninga med særskilde preiketekster frå kyrkjeåret 2022/2023.

Publisert Sist oppdatert

Det ligg mykje makt i å peike ut kva tekster som skal danne grunnlag for preika i gudstenesta. Her er ordninga ulik i ulike kristne samanhenger. Medan ein særleg i frikyrkjer og bedehus ofte lar den lokale leiarskapen eller den einskilde forkynnar stå fritt i val av tekstar, finst det også ein lang tradisjon både i og utanfor Den norske kyrkja for å preike over fastsette tekstrekker.

I Den norske kyrkja har ein i hovudsak nytta dei same preiketekstane sidan tidleg mellomalder. Men samansetjinga av tekster har blitt justert fleire gonger. No er eit nytt slikt framlegg på bordet, og med innstilling frå både bispemøtet, Nemnd for gudstenesteliv og kyrkjerådet ligg det an til å få fleirtall i Kyrkjemøtet.

Det vanlege i Den norske kyrkja sine høgmesser er at preika tek utgangspunkt i ein tekst frå eit av dei fire evangelia. I gudstenestereforma frå 2011 var det eit mål å understreke nettopp evangelieteksten som den mest sentrale av dei tre bibeltekstane som blir lest under høgmessa.

Powered by Labrador CMS