| Debatt
Det er noko gamaltestamentleg over det som no skjer i våre farvatn
Saman med tomme kyrkjer i Europa dett kongehusa saman, skriv Randi Førsund frå Førde.
Privat
Det flyt av korrupsjon, grådige, vulgære menneske med og utan titlar med lyst og begjær som har gått over i rein rølping. Når mødre på juleferie med familien langt heller vil vere med overgrepsdømde, set det kjernefamilien i eit dårleg lys.
Stramme dronning Elizabeth av England, har overlatt eit hus i fritt fall. Men ho, som var blant verdas mektigaste og mest kjende kvinner, gjekk ned på kne og ba til Gud for sitt og sine. Herren veit kva ho ba om, og kvifor.
Ein favorittson, som var den som skulle kaste det som her og no kan sjå ut som uoppretteleg skam på hennar gode namn, tittel og rykte. Ein son ho ikkje klarte få på rett spor. Ein prins, som valgte det destruktive. Ei mor som kan hende kjempa og gjorde det ho kunne. Så vart det så gale at panikken greip henne og ho dekka over alt. Alternativt er den engelske kongefamilien dei minste og ynkelegaste av alle.