LANDLOVNADER: Jødane får sine landlovnader ved sitt nyoppretta Israel. Korleis skal ein elles forstå alle orda i GT om dette, og spesielt orda frå Esekiel, spør innsendaren.

Det er ikkje eit anten eller, men eit både og

Ein kan ikkje underslå at landlovnadene også har ei fysisk, konkret side. 

Øystein Johnson hareit innlegg 27.8. der han godtgjer oppfyllingsteologien si forståing av GT-tekstane og fastslår om Abrahams ætt: «Ætten er altså Kristus og Kirken.»

Til det er å seia ja og amen. Men dette er berre ei halv sanning. Ein kan ikkje underslå at landlovnadene også har ei fysisk, konkret side.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ikkje eit anten eller, men eit både/og: Kyrkja har fått sine «landlovnader» ved Kristus. Jødane får sine landlovnader ved sitt nyoppretta Israel. Korleis skal ein elles forstå alle orda i GT om dette, og spesielt orda frå Esekiel:

Es 28:25–26: «Når eg samlar israelittane frå folka dei er spreidde imellom. … Dei skal få bu i sitt land, det som eg gav Jakob… der skal dei bu trygt, byggja hus og planta vingardar.» Es 34:13–14: «Eg vil henta dei frå folka, samla dei frå landa og føra dei til deira eige land. Så skal eg gjæta dei på Israels-fjella. …Der oppe på Israels fjell skal dei roa seg.»

Es 36:8–11: «Men de, Israel-fjell, skal få greiner og bera frukt, for Israel, folket mitt. … Eg let det verta folksamt på dykk når heile Israels-ætta kjem. …Eg let både folk og fe aukast hjå dykk. Dei skal veksa og aukast. Eg let det bu folk hjå dykk som i gamle dagar… Dei skal leggja deg, land, under seg, så du vert deira eigedom.»

Es 36:19, 24, 28: «Eg spreidde dei mellom folkeslaga, dei vart strøydde ut i landa. Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land. Og eg skvetter reint vatn på dykk, så de vert reine… Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar.»

Es 37:12–14, 21, 25–26: «Så fører eg dykk til Israels-landet … eg let dykk bu i dykkar eige land. … Sjå eg hentar israelittane frå dei folkeslaga som dei for bort til. Eg samlar dei frå alle kantar og fører dei til deira eige land. Så skal dei få bu i landet som eg gav min tenar Jakob, og som fedrane dykkar budde i. Eg let dei busetja seg og auka i tal…»

Es 38,8: «Og når åra er ute, skal du koma til eit land som er bygt opp att etter krig og herjing, og der folket er samla frå mange folk på Israels-fjella som lenge låg øyde. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt.»

Es 39,28: «Eg førte dei bort til andre folk, men samlar dei i deira eige land…»

Handlar ikkje desse tekstane om konkrete, handfaste geografiske område?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Er det råd å sjå bort frå at nettopp dette skjer i Israel i desse dagar – og at tekstane ikkje er mynta på eit åndeleggjort kristent kyrkjesamfunn?

Esekiel var korkje oppfyllingsteolog eller antisionist. Det bør ingen andre vera heller.