| Debatt
Desperate ayatollaer går målretta etter minoritetar
ØVERSTE LEIAR: Ayatollah Ali Khamenei.
AP / NTB
Etter den korte, men intense rakett- og bombekrigen i juni, har det iranske ayatolla-diktaturet gått på intens jakt etter «spionar». Den desperate-spionjakta har ramma folk som godt kan ha vore agentar. Men den har også ramma menneske som ikkje har gått ærend for nokon. Det dei har gjort, er å samla seg til fredeleg utøving av tru.
Ein månad etter at det blei erklært våpenkvile er minst 54 medlemmer av iranske huskyrkjer arresterte av Irans hemmelege tenester – det kan vera fleire sidan kunnskap frå tidlegare år fortel oss at det er store mørketal. 54 arresterte på ein månad i sommar er uansett langt meir enn dei 40 som blei arresterte fram til 25. juni i år.
Huskyrkjer er undergrunnskyrkjer som samlar menneske som frå muslimsk bakgrunn har valt kristen tru. Konvertitt-kristne har ingen andre stader å møtast enn i undergrunnskyrkjer sidan dei vert nekta å gå i Irans offisielle kyrkjer. Der kan berre assyriske og armenske kristne gå og dela trua på dei etniske språka sine. Dei som deler trua på nasjonalspråket farsi, risikerer mange år i fengsel.