| Kommentar
Dersom substans er viktigare enn image, bør ikkje pinserørsla hoppa berre TV2 seier hopp
André Jensen-debatten er ein viktig sjanse både for pinsevenner og andre kristne.
AKTUELL: Musikar André Jensen fortel om problematiske opplevingar i pinserørsla. Slikt skaper debatt.
Fredrik Varfjell / NTB
Den siste veka har vi fått følgja eit sterkt personleg oppgjer med negative opplevingar frå ein barndom i kristen samanheng.
Nyleg opna André Jensen opp om oppveksten sin i forsamlinga Filadelfia Mysen. TV2s musikalske feelgood-fest Hver gang vi møtes er ofte ramma rundt kjensleladde forteljingar som tek oss tettare på ulike artistar.
Denne gongen var det eine halvdelen av rap/country-duoen Hagle som gav innblikk i ein bakgrunn frå det han kalla ein «litt radikal pinsekyrkjelyd».