| Debatt
Den treeinige Gud og forsoninga
TREENIGHET: Samstundes som vi held fast på at Gud er treeinig og opptrer som det, må vi også halda fast på at Gud er tre sjølvstendige personar, og opptrer og handlar som det, skriv Johannes Kleppa.
Adobe Stock
Det er ofte spennande og lærerikt å lesa det ortodokse teologar skriv om den treeinige Gud og Jesu person. Den ortodokse kyrkja er svært oppteken med Guds vesen og person, inkludert Jesus om sann Gud og sant menneske. På mange måtar står gudsmysteriet i sentrum i ortodoks teologi.
I Dagen skreiv fader Johannes Solberg, ortodoks prest, for litt sidan ein interessant og lærerik, men også forvirrande og villeiande, artikkel om korleis mennesket vert frelst, med særleg fokus på Den Heilage Andes medverknad i frelsesverket. Artikkelen er lærerik fordi han fører oss inn i den ortodokse teologiske posisjonen på dette området.
Artikkelen var også interessant fordi Solberg held den ortodokse posisjon opp mot ein evangelisk eller reformatorisk posisjon. Rett nok var framstillinga av den evangeliske posisjonen uklar og delvis misvisande, for ikkje å seia direkte feil. Det viser like fullt korleis ei forsoningslære av luthersk og evangelisk karakter tek seg ut sett frå ortodokst hald.