ELLIPSE: På bildet ser vi Flekkerøy bedehus og Flekkerøy kirke, som ligger like i nærheten av hverandre.

Den lukkelege ellipsen – eller?

Vi er midt i jubileet om og etter lekforkynnaren og samfunnsbyggjaren Hans Nielsen Hauge. Kva hadde den norske kyrkje vore utan denne lekmannsrørsla, både i si samtid, men ikkje minst i framvoksteren av vår nasjonalisme på 1800-talet?

Hans gryndersinn har kome tidleg fram i skrift og tale. At han også spreidde folkeopplysning, ja, også oppmuntra til kristendomsundervisning, er følgjande utsegn frå biskop i Bjørgvin: «C. Pavels dagbøker (1817-1821)» eit døme på:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Madam Pytter, en veltalande Kone, tysk af fødsel, spurgte om det kunne vere nogle Familier tilladt mellom sig at opprette en Skole, hvor man især vilde søge at indprente Ungdom Christendom … Jeg opdagede snart at ho var en at Hans Nielsens Hauges Veninder …»

Det var tydeleg at haugianarane, som var trufaste kyrkjegjengarar, kjende seg uroa over deler av forkynninga, og hadde eit sterkt attelet for at born og unge måtte få rett og god kristendomsundervisning og innføring i den evangeliske lutherske lære/katekisme.

Men lat meg få gå 100 år tilbake derifrå, til Sønder-Jylland, i Tønder, der Hans Adolf Brorson var hjelpeprest (3. prest), og fekk eit særleg ansvar for bibelundervisinga til det danske folket, som for det meste vart undervist og preika for – på tysk! Etter gudstenestene samla han dei i eit «bedehus» for å gi god undervisning og rettleiing.

Så fram att, til det som bryt seg fram av åndeleg liv og kulturovringar, som ikkje minst i arven etter Hauge, at evangeliet måtte få løysast ut i liv og teneste både for våre eigne nære og kjære i bygd og by, men også for ytre misjon og Guds eigedomsfolk, jødane …

Også her er det viktig å understreke at, ja, lekfolket skunda på her, men fekk støtte etter kvart frå prestehald. Kyrkje og lekfolk laut vere saman om å bygge Guds rike, heime som ute.

Kva hadde misjonsorganisasjonane vore i det vi i dag framleis kallar bedehusland, utan eit sterkt nærvær og tilskunding ifrå brennande og varme prestar?

Kva hadde misjonsorganisasjonane vore i det vi i dag framleis kallar bedehusland, utan eit sterkt nærvær og tilskunding ifrå brennande og varme prestar? Og kvifor var det slike som også gjekk front for gode lærarskular, presteskule (MF), misjons- og bibelskular, og sosiale institusjonar?

Jau, fordi ein såg at samhandlinga mellom eit aktivt kristen lekfolk og prestar, skapte gode samvær, i kyrkje (gudsteneste) og etter kvart bedehus som vart reiste rundtomkring. Misjonsfolket med sine forkynnarar og kyrkja med mange dugande prestar fann saman i denne – ellipsen – som i dag vert sett ned på, som noko som høyrer fortida til, og ikkje passar inn i moderne misjonsstrategi.

For i dag er det forsamling som er stikkordet, gjerne som eit kyrkjesamfunn for slik som ikkje kjenner seg heime i kyrkja lenger, eller kjenner verdien og ansvaret av å vere med i eit breitt folkeleg gudstenestefellesskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og lat det vere sagt: Ein av grunnane til det er nok at kyrkja sjølv har fått prestar i sin midte som i beste fall har ei forkynning og forståing av Ordet som støyter mange truande ifrå seg. Då er ofte eit bedehus eller liknande fellesskap – utanom kyrkja ein søkjer til.

Ein kan like eller ikkje denne folkekyrkja som vi no har fått, fri frå staten, men likevel økonomisk avhengig. Men den treng medvitne truande prestar og lekfolk til å ta eit medansvar for arbeid mellom barn og unge, mellom vaksne og eldre, der misjon – indre som ytre – får plass og ikkje minst sosialt ansvar for dei som fell utanfor i samfunnet vårt av ulike grunnar.

Sjå ikkje ned på dei av oss som har eit kyrkjenært og kjært forhold til eit breiare kristenlag i folket vårt.

Kyrkja treng lekfolket, vennesamfunnet på bedehuset som det i si tid vart kalla, ein må gjerne kalle det forsamling i dag. Men sjå ikkje ned på dei av oss som har eit kyrkjenært og kjært forhold til eit breiare kristenlag i folket vårt.

For, som i starten av organisasjonane som vart fylgde opp og styrka av forkynning som skapte vekking og liv, ein trengde kyrkja, ja, ein var ein levande del av den … Skulle vi i dag, med sviktande søking til både kyrkje og bedehus rundt om i landet vart, heller prøver finne saman og fornye kallet: Med Guds Ord – til folket?