Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Leder

SJEF FOR UROLEGE TIDER: Forsvarssjef Eirik Kristoffersen meiner vi har eit vindauge for opprusting, men bør handla raskt. Pliktår for unge kan vera ein del av løysinga

Den fordømte plikta

Publisert Sist oppdatert

Forslaget frå Stavanger Arbeiderparti om eit såkalla pliktår for unge etter vidaregåande, har vekt nasjonal interesse. Måndag denne veka vart forslaget debattert på Nrk nyhetsmorgen, og det er lett å forstå kvifor tematikken engasjerer.

Ideen er at alle unge skal bli kalla inn til ulike typar sivil eller militær samfunnsteneste som svar på behovet for auka opprusting. Det har ikkje mangla på innvendingar og kritiske spørsmål. Skal alle unge folk tvingast til å stå på pinne for staten eitt heilt år av livet? Er det greitt at staten skal bruka tvang på denne måten? Venstre har ikkje overraskande avvist forslaget som autoritært.

Men vi lever i ei tid der behovet for at omgrep som nasjonal mobilisering må flyttast frå arkivet og opp på det politiske teiknebrettet. Raskt. Når den internasjonale situasjonen har blitt meir ustabil, med eit naboland i krig og mange raske endringar elles, treng vi nye planar.

Powered by Labrador CMS