BEKYMRA FOR KRISTEN-NOREG: Johannes Kleppa er tidligere redaktør i Dagen. (Foto: Dagen arkiv)

Del 3: Krisa i Kristen-Noreg og innhaldet i forkynninga

Ein vert oppteken med strategi, arbeidsmåtar, verkemiddel og former, medan forkynninga vert noko «sjølvsagt».

I dei to siste Innspel har eg skrive om krisa i Kristen-Noreg ut fråden sterke nedgangen det har vore i forkynning i landet vårt. Eg har også skrive om denferie- og fritidskulturen som har vokse fram, og som fungerer som ei nedprioritering av den kristne forsamlinga og forkynninga.

Det siste finn eg å vera hovudgrunnen til krisa, og ho har med det sitt opphav i materialismen og forbrukarkulturen. Krisa heng også saman med innhaldet i forkynninga. Prioriteringa av forkynninga vil også verka inn på innhaldet i forkynninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No er ikkje alt sagt om mengda av forkynning og prioritering av denne, ved å visa til kva som skjer på bedehuset eller i andre forsamlingslokale. Vi har fått ein del nye kristne skular som ivaretek noko av det vi har tapt i den offentlege skulen. Vi har også fått ein god del forkynning via radio, tv og på nettet.

Vi må vera takksame for den forkynninga som skjer her, men ho er ofte i kortfatta form, og gjerne retta mot folk som ikkje går i den kristne forsamlinga. Medieforkynninga er generelt lite djuptpløyande, og har med det lite mat til Guds folk. Eit unnatak frå dette er nettet, men der er det derimot så mykje stoff som fører i ulike teologiske retningar at ein ikkje veit kor det endar.

Etter mi vurdering er ein grunnleggande del av krisa i Kristen-Noreg at synet på forkynninga har tapt seg, altså at ein undervurderer kva det vil seia at Ordet er eit nådemiddel - ja, det grunnleggjande nådemidlet. Då nedprioriterer ein ikkje berre omfanget av forkynninga, men arbeidet med og innhaldet i forkynninga. I staden vert ein oppteken med alt anna som må gjerast - og som altså må gjerast, men som får feil vekt og fokus i høve til forkynninga.

Ein vert oppteken med strategi, arbeidsmåtar, verkemiddel og former, medan forkynninga vert noko «sjølvsagt». I staden for å gje hjelp til forkynninga, vert det inspirasjons- og visjonssamlingar som fokuserer på form og resultat. Det kan ei tid samla folk, men det vil ikkje ha berekraft i seg til livskraftig gudsliv og misjonsarbeid over tid.

Det trengst at ein på nytt vert medviten kva Guds ord er for noko, og kva Bibelen seier om forkynninga - både forkynninga som prinsipp og som berar av eit bestemt innhald. Dette er eit ansvar for alle som forkynner Guds ord, men det er like mykje eit ansvar for alt Guds folk og for kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn.

Det trengst eit langt sterkare fokus på forkynninga som nådemiddel og på innhaldet i forkynninga, enn tilfellet er no. Det er ein føresetnad for å få bukt med den krisa som no er i Kristen-Noreg.

Då må vi læra oss at alt Guds ord skal opp på talarstolen, men slik at alt fører til Jesus Kristus og han krossfest, og slik at alt i kristen lære, tru og liv orienterer seg ut frå krossen. Det vil seia ei Kristus-orientert forkynning som er retta mot samvitet og livet.

(Denne kommentaren var første gang på trykk i Dagens papirutgave torsdag 18. april)