| I fokus
Dekning for
DEKNING FOR: Skuldinga mot Jesus at Han tek mot syndara, Luk 15, den er der dekning for, skriv Gudleik Himle.
Adobe Stock
Kven har ikkje møtt folk som kom med utsegner dei ikkje hadde dekning for. Slik har det vore gjennom alle tider. Kamp mellom sanning og lygn frå skapinga var faktum. Adam og Eva vart skapte. Til ei skapt jord, buplass, til det dei trong for å leva. Det var ferdig, utan medverknad frå dei. Gratis. Liv fekk dei. Kom til noko som var.
Herren tala, men snart tala også slangen. Han søv ikkje. Han er ikkje lat. Kom ikkje med direkte fornekting på det Gud hadde tala. Nei, spørjande kom han, verka omsorgsfull, ja, mest from. Har de oppfatta Gud rett? Endra seg har han ikkje. Som far, så søner og døtrer, tenarane hans heller. Berre vridd litt på Guds tale. Gud hadde gjeve dei lov til å eta av alle trea i hagen, med eit unnatak. Slangen spør om Gud har nekta dei alt. Han hadde ikkje dekning for det han sa.
Det som hendte var at dei trudde meir på lygnaren enn på sanninga. Dei lytta på lygna, og dermed fortset han å lyga. Dei skulle ikkje døy. Adam lever ikkje, han døydde. Slangen hadde ikkje dekning for sin påstand, men det hadde og har Herren.