| Kultur
Dei kristne ideane bak MAGA-bevegelsen
MAGA: Forskaren Ragnar Misje Bergem ved MF har tatt på seg å formidle kva som ligg bak den rørsla som i USA kallast MAGA og som har ført Donald Trump til Det kvite huset, skriv Rolf Kjøde.
Mike Roemer / AP / NTB
Forskaren Ragnar Misje Bergem ved MF har tatt på seg å formidle kva som ligg bak den rørsla som i USA kallast MAGA og som har ført Donald Trump til Det kvite huset. Bergem «sparar» oss for forskarens mange innleiande og avgrensande spørsmål om metode og går rett inn i stoffet. Med engasjement. Bergem vil oss noko, og han legg ikkje skjul på det.
Han nøstar i historia til det han kallar reaksjonære kristelege rørsler som meiner at alt går på dunken i samfunnet. Verdiar kollapsar slik at sjølve den arva kulturen står på spel. For slike rørsler blir den moderne liberalismen gjerne angrepspunktet. Bergem brukar derfor ein del plass til å gjere oss kjent med ulike «postliberale» reaksjonar.
Likevel trur eg vegen blir laga for kort mellom den såkalla «kommunitarismens» (fellesskapet som fundament) viktige observasjon av individualismens slagsider, og dei mørkare tankane frå katolske forskarar som Patrick Deneen og Adrian Vermeule som har prega visepresident Vance sin ideologi. Er MAGA eigentleg eit oppgjer med individualismen, eller er den ein variant av den? Presidenten er neppe både narsissist og kommunitær, for å seie det slik.