For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| I fokus

Dei gamle merkelappane tel ikkje lenger

NY PAVE: Bilete frå pave Leo XIV si messe under den formelle innviinga av pontifikatet hans på Petersplassen med deltaking av statsoverhoder, kongelege og vanlege truande, søndag 18. mai 2025.
Publisert

Det har vore fascinerande å følgja med på den store mediedekninga som pave Frans sin bortgang og val og innsetjing av ein ny pave, har fått i det sekulære landet vårt. Sjølvsagt har kristne aviser også vore fulle av mykje av det same stoffet frå denne storhendinga. Dette har fått tankane mine til å gå tilbake til oppveksten min i bedehusmiljøet på Jæren. 

Undervisninga, om reformasjonen på skulen saman med forkynninga på bedehuset, gav meg grunn til å tru at katolikkar ikkje var kristne. Då eg seinare vart døypt som truande og medlem i ei pinseforsamling, vart fordommane mot katolikkane forsterka. Men som pinsevenn vart eg jo sjølv sett på som ei villfaren sjel som hadde vorte med i ei farleg sekt som det vart åtvara imot av dei rettruande lutherske bedehusfolka.

Etter over seksti år som forkynnar kan eg sjå tilbake på store positive endringar i kristenfolket i landet vårt. Rett nok må eg seia at eg er forskrekka over biskopane i Dnk som har forlate ei to tusenårig kristen lære om ekteskap og samliv. No er katolikkane meir bibeltru enn biskopane i Dnk når det gjeld desse tinga. Kanskje den lutherske reformasjonen var ei ulukke?

Powered by Labrador CMS