VEIVALG: Dag Sele, daværende KrF-leder Knut Arild Hareide og nåværende KrF-leder Kjell Ingolf Ropstad – på det ekstraordinære fylkesårsmøtet til Hordaland KrF, høsten 2018.

Ja, korleis kunne det gå så galt?

Korleis kan det gå så galt med ein høgst oppegåande mann som Kjøde ved pennen, at han legg Vebjørn Selbekk og Dagen sine tolkingar til grunn for sin analyse av Sentrum sitt utkast til program?

Rolf Kjøde gjer i Dagen 10. april d.å. eit forsøk på å analysera Partiet Sentrum sine verdival og spør i samanheng med abortpolitikken korleis det kan gå så galt med ein partileiar som har fått livsvernprisen og ein førstekandidat i Hordaland som var «reservasjonslege».

Det blir nok då litt for freistande å spørja tilbake: Korleis kan det gå så galt med ein høgst oppegåande mann som Kjøde ved pennen, at han legg Vebjørn Selbekk og Dagen sine tolkingar til grunn for sin analyse av Sentrum sitt utkast til program?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lat det først vera sagt: Eg har stor forståing for at Kjøde vel å fortsetja i sitt gamle parti. Særleg har eg forståing for det så langt som han grunngjev det med den flotte jobben som Dag Inge Ulstein gjer, mellom anna for dei fattige i verda.

Litt mindre forståing har eg nok for grunngjevinga om den flotte jobben KrF i det siste har gjort for det ufødde livet. For dei fleste utanfor KrF er det vel nokså klart kven som starta det «raset» me no ser av forslag om å utvida abortgrensa.

Det sto nemleg dagens KrF-leiar, statsministeren og organisasjonen Menneskeverd saman for, då dei sette i verk sitt uverdige spel med abortlova som innsats hausten 2018. Men denne samanhengen står det Kjøde fritt å tolka korleis han vil.

Det han derimot ikkje fritt kan tolka korleis han vil, er kva som står i Sentrum sitt første utkast til program. I den samanheng tillet eg meg difor å tilby min bistand med litt tolkingshjelp.

For det første: Når programutkastet seier at «Abortspørsmålet innebærer en innebygd motsetning mellom den gravides valgfrihet og verdi og det ufødte livets verdi», at «dagens abortlov er i hovedsak et godt kompromiss mellom kvinnens rett til selvbestemmelse og hensynet til fosteret… og fosteret må gradvis få noe økt rettsvern frem mot fødselen» og at «Sentrum vil beholde 12-ukersgrensa for selvbestemt abort», tyder det faktisk at Sentrum meiner at abortspørsmålet er eit dilemma som inkluderer to liv, at dagens abortlov er eit kompromiss mellom desse omsyna og at Partiet Sentrum vil halda på dagens 12-vekersgrense.

Det tyder faktisk ikkje at Partiet Sentrum vil utvida abortgrensa til 22 veker.

For det andre: Når det så står at «Sentrum vil fjerne abortnemndene, og overføre beslutningsmyndigheten til kvinnen selv og hennes fastlege», er heller ikkje det eit forslag om å erstatta nemndene med sjølvbestemt abort etter 12 veker.

Det kan godt vera at det å la fastlege og kvinna ha avgjerdsmynde saman oftast vil føra til at kvinna sitt syn vinn fram. I så fall vil det likna mykje på resultatet av dagens nemndsystem, der talet på avslag er svært lågt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Programkomiteen i Partiet Sentrum gjer her eit forsøk på å koma med eit konkret forslag til løysing på noko som svært mange ser på som problematisk med dagens abortpraksis og som ingen så langt har funne noko godt svar på.

Kanskje er det ikkje ein gong eit godt forsøk og kanskje vil det bli endra av landsmøtet. Men det er i alle fall ikkje eit forslag om sjølvbestemt abort til veke 22. Partiet Sentrum er i dette forslaget tydelege på å skilja mellom abort før og etter 12 veker.

Den som les avsnittet om reproduktiv helse i programutkastet vårt vil sjå at den bodskapen som dominerer der ikkje er det ovanståande, men det som kanskje kan oppsummerast i formuleringane: «Tanken om reproduktiv rettferdighet tar høyde for at reell valgfrihet fordrer sosial rettferdighet.

Derfor må retten til å ikke få barn, retten til å bære fram et barn og retten til å oppfostre barn i trygge omgivelser, uavhengig av livssituasjon, sees i sammenheng» og «så lenge det å få et barn med funksjonsnedsettelse er forbundet med et krevende liv hvor foreldre stadig må kjempe ‹mot systemet›, er kvinners reproduktive valgfrihet begrenset.

Reproduktiv helse og et funksjonsfremmende samfunn for alle mennesker må derfor sees som to sider av samme sak.»

Les også
Viktige verdival i Sentrum
Les også
KrF-konkurrent vil liberalisere abortloven
Les også
Israel-boikott og «hen» kan bli Sentrums politikkPartiet Sentrum