DEBATT: «Eg gir ikkje røysta mi til parti som tar vekk juridisk vern om barnet i mors liv», skriv Rolf Kjøde (biletet). Foto: Dagen

Viktige verdival i Sentrum

KrF har vist for lite initiativ til å prioritere klima- og miljøpolitikken. Det er eg redd vi har mista mange unge røyster på.

Partiet Sentrum, som med tanke på si eiga definerte plattform kanskje heller burde heite «FN-partiet», har gjort valet i 2021 mykje lettare for meg.

Då KrF i si tid valde å binde seg til ein koalisjon med Frp, utfordra det mitt medlemskap sidan 1974.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bortsett frå kommunistar og ideologiske sosialistar langt ute til venstre, er ingenting fjernare frå dei grunnleggande politiske verdiane mine enn eit nasjonalt egoistisk Frp som av rein opportunisme ikkje vil erkjenne miljø- og klimakrisa som global utfordring nummer ein.

Burde eg dermed slutte meg til nettverket Drivkraft, eks-KrF-arar som eg i mangt tenkte likt med?

Tidleg slo det meg at den reisa ikkje blei enkel. Eg kunne ha spurt offentleg då om det eg lurte på, men gjorde det aldri.

Mistanken min, basert på ein del av retorikken frå utbrytarane, var at denne opposisjonen også stod samla i ein kritikk av det vi kan kalle tradisjonelle verdiar, ikkje berre knytt til ekteskap og familie, men jamvel livsvernet.

Kanskje svarar Sentrum sitt program på mistanken min. Partiet har stilt seg fremst for å gi gravide kvinner friare rett til abort til «der det er grunn til å tro at fosteret er levedyktig», som programmet foreslår, altså rundt veke 22.

Det er noko heilt anna enn vi hadde sett for oss. Partileiaren fekk i si tid Livsvernprisen. Førstekandidaten i Hordaland blei kjent som reservasjonslege i Bø.

Korleis kan det gå så galt? Det enkle svaret synes for meg å vere at samfunnet ikkje på nokon måte ønsker debatten om kva eit ufødt barn er.

Derfor vrir alltid nokon debatten over på kven som har rett til å ta ei avgjerd. Er vi først komne dit, bort frå retten til livsvern, vil autonomi-argumentasjonen vinne.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Før jul 2020 hadde både ein verdsleiande handballkeeper og ei britisk hertuginne ifølgje store medieoppslag «mistet sitt ufødte barn».

Spontanabortar skjer i 97 prosent av tilfella før veke 12. Oppslaga vekker djupe kjensler i oss, fordi dei er sanne. Vi eller nokon vi kjenner, reagerte på same måten då det råka.

Det var eit barn dei mista, ikkje ein celleklump, eit embryo, eit fetus eller eit foster. Det var mors og fars unike kjøt og blod og gener, ikkje berre draumen om eit barn, som døydde.

Slik har Sentrum gjort det enkelt for meg. Eg gir ikkje røysta mi til parti som tar vekk juridisk vern om barnet i mors liv. Eigentleg er eg både skuffa og sjokkert over at slike krefter har vunne fram i det gryande partiet.

No sluttar dei rekkene med Rødt, SV, MDG, Venstre og truleg Ap om å la abort skje fritt og legalt langt utover 12 veker. Det er brutalt.

Så då er det tilbake til mitt gamle KrF. Saman med gode krefter i Sp og ei minkande gruppe i Høgre frontar dei kampen mot sorteringssamfunnet.

Eg er stolt av dei kampane partiet har tatt, også når dei blir hetsa av politiske motstandarar og uthengt i media og kulturlivet.

I tillegg sit vi med bistandsdepartementet der Dag-Inge Ulstein profilerer kampen for dei globalt fattige og underprivilegerte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Måten han avkledde Sp-leiar Vedums kritikk mot regjeringa sitt bidrag til ein globalt solidarisk vaksinepolitikk nyleg, var eksemplarisk.

Den skrikande globale uretten var avgjerande for meg då eg engasjerte meg politisk som tenåring, den var ei viktig side ved tenesta mi som misjonsleiar, og den ligg der som ei kjelde til stadig uro og engasjement i senioralder.

Frp forsvann heldigvis ut av regjeringa av humanitære grunnar. Samtidig har statsministeren lenka prosjektet sitt fast til dei.

Slik fekk vi ein iskant mot oljeboring illevarslande langt mot nord. Stortingets handsaming av klimameldinga denne våren blei ein farse.

Jakta på makt og posisjonar hausten 2021 trumfa behovet for å kome i grep med det som er akutt for komande generasjonar. Og for kloden.

Dette valtaktiske spelet om våre største utfordringar er uverdig og vitnar om svak integritet hos aktørane. Slik får Frp makt der dei minst av alt må ha det.

KrF har vist for lite initiativ til å prioritere klima- og miljøpolitikken. Det er eg redd vi har mista mange unge røyster på.

KrF, som i global politikk og solidaritet elles har svært høgt truverd, må opp i grøn profil. Framlegget til partiprogram går likevel i rett retning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Landsmøtet må gjerne skjerpe det enda eit par hakk og gjere det til valkampsak. Då blir «forvaltaransvar» meir enn eit honnørord.

Les også
Ja, korleis kunne det gå så galt?
Les også
Eit devaluerande «kompromiss»