AGGRESSIV RETORIKK: Biskop Atle Sommerfeldt (bildet) insinuerer at det nettopp mellom israelsvener skal vera farlege antisemittiske haldningar. Han bør omadressera sin aggressive retorikk til Teheran, skriv Bjarne Gjerme.

Biskopen og apokalypsen

Når Sommerfeldt brukar ei uheldig formulering frå ein amerikansk forkynnar for meir enn 20 år sidan til å mistenkeleggjera og stigmatisera israelsvenene innanfor og utanfor si eiga kyrkje, er det lettvint, men samstundes alvorleg og trist.

Viser til nytt innlegg i Dagen for 30.11.20 av biskop Atle Sommerfeldt om noko han kallar kristensionisme.

Sionisme er ei nemning som tyder jødisk nasjonalkjensle, og denne har i vår tid lukkast i å gjennoppretta ein jødisk stat på gamle tomter. Her i Noreg hadde me også for 300 til 200 år sidan framvekst av nasjonalkjensle som førte til at Noreg vart ein sjølvstendig stat.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I Noreg er det mange, kanskje mest mellom evangeliske kristne, som er vener av Israel.

Ein tek inn over seg den blodige uretten jødane har vorte utsette for i det «kristne» Europa opp gjennom århundrer, og kan ikkje anna enn gleda seg over at jødane fekk folkerettsleg grunnlag for staten sin etter at det tyrkiske storriket gjekk i oppløysing under 1. verdskrigen.

At britane, under press frå islamistar trenerte jødisk innvandring og oppretting av staten deira, vart heilt fatalt då andre verdskrigen kom.

Israelsvener trur ikkje at krig, vald og vondskap er noko Gud står bak. Men me trur at då Han ville skapa menneske etter sitt bilete, skapte han oss med ein fri vilje. Og som ein konsekvens av dette let han det vonde få si tid til å utspela sin rolle.

Når Sommerfeldt brukar ei uheldig formulering frå ein amerikansk forkynnar for meir enn 20 år sidan til å mistenkeleggjera og stigmatisera israelsvenene innanfor og utanfor si eiga kyrkje, er det lettvint, men samstundes alvorleg og trist.

Eg trur han då skadar si eiga kyrkje meir enn han skadar Israel og deira vener i Noreg.

Vanlege bibellesarar kan finna skildring av ein eller to katastrofale krigar som kan koma i Midtausten, Esekiel kapittel 38–39 og Johs. Åp. 16,16–21. Er dette tabu å lesa, eller å ha framme i ei bibelundervisning?

Men dette påstår Sommerfeldt at dei han kallar kristensionistar ser fram imot som «et evangelium – godt budskap». Og han insinuerer at det nettopp mellom israelsvener skal vera farlege antisemittiske haldningar!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Biskop Atle Sommerfeldt bør omadressera sin aggressive retorikk til Teheran. Muhammed sjølv var sterkt påverka av kristendom og jødedom då han starta den fredelige delen av religionsstiftinga si i Mekka i år 610.

Etter at han måtte røma til Medina i 622 vart det noko heilt anna, men han hadde etter alt å døma fått med seg litt av det som dei kristne trudde om ein apokalypse i endetida.

Shia-prestane i Iran i notida har ikkje berre kjennskap til dette, dei tek til og med mål av seg til å gjennomføra det. Gjennom denne verdskatastrofen dei då set i stand, skal «den 12. imamen» stå fram og overta makta.

Ikkje rart at dei sunni-muslimske landa kjenner seg like truga som Israel av Iran sin atompolitikk, og no søkjer stadig fleire av dei nærare kontakt med Israel. Palestina-arabiske islamist-leiarar er ikkje glade for dette.

Dei har som sitt eksistensgrunnlag og lovfesta føremål å utsletta den «vantruande» staten Israel. Chartera deira ligg tilgjengelege på nettet, og bør vera obligatorisk pensum for alle som vil forstå og meina noko om Midtaustenkonflikten.

Les også
«Kristensionist» som skremsel
Les også
Bibelsk sionisme enkelt forklart