«Nordhaug kan ikkje halde fram å klage meg for å bruke dette større bildet av missiologisk debatt som fagleg bakgrunn for å forstå hans nye posisjon», skriver Rolf Kjøde. Foto: Bjørn Olav Hammerstad

Vandring og landing

Biskop Halvor Nordhaugs religionsteologiske vandring framstår etterkvart noko forvirrande.

Det understrekar eit hovudpoeng i bokkronikken; det viktige kapittel to i den nye boka hans, der han eksplisitt seier at han kjenner seg mest heime i inklusivismen, er for kort i drøftinga.

Han meiner at min analyse ikkje råkar den typen inklusivisme som han held fram. Eg tenker at når biskopen brukar etablerte termar for å plassere seg sjølv og eventuelt andre, må lesaren forvente at dei svarar til vanleg bruk. Derfor er det nyttig å vandre litt i det større landskapet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då Alan Race introduserte termane i 1983, brukte han dei primært om sanningsspørsmålet i religionane (epistemologien). Inklusivismen dekte då ei forståing av at religionane ber i seg åndeleg sanning – som til sjuande og sist tilhøyrer Kristus.

Gavin D’Costa, som Nordhaug brukar som litteratur, tok omgrepa vidare i 1986 til spesifikt å gjelde «det frelsande nærværet av Gud i andre religionar samtidig som ein held fast ved at Kristus er den avgjerande og autoritative openberringa av Gud».

Dette soteriologiske perspektivet er blitt berande i bruken av termane, også i Veli-Matti Kärkkäinens gode bok (med litt andre nemningar), som Nordhaug viser til.

Midt i det store spennet som Kärkkäinen viser mellom teologar i denne gruppa, er nettopp element av frelsande Kristus-nærvær i religionane eit felles teikn i gruppa. Tanken om graden av dette frelsande nærværet er derimot varierande.

Lat meg då legge til at plasseringa av Lesslie Newbigin i denne gruppa er svært diskutabel, sidan han sjølv i The Gospel in a Pluralist Society (1989) eksplisitt stiller seg i ein mellomposisjon.

Også i Det andre vatikankonsilet er det avløysinga av den gamle tanken om at det ikkje finns frelse utanfor kyrkja, som er på dagsorden.

Dei opna opp for andre kyrkjer, noko vi set pris på, men dei opna også meir enn eg set pris på for fellesskap med andre religionar, som den parallelle bønesamlinga i Assisi i 1986.

Nordhaug og eg er enig i ein kritikk mot Rahners «anonyme kristne» og mot ein grad av moralistisk frelseforståing i det katolske konseptet. Poenget er likevel at det handlar om grad av openberring og opning for frelse – ved Kristus – i religionane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette er no Den katolske kyrkja sin posisjon, sjølv om spennet internt kan vere stort. I Johannes Paul II si rettleiing om forsoninga sin misjon frå 1990 grip paven aktivt tilbake til klassiske kategoriar om frelse ved Jesus aleine og forkynninga sitt primat.

Pave Frans kallar på si side i 2019 islam for kyrkja sin bror i eit mangfald av religionar som er «villa av Gud i hans visdom».

Eg reknar det faktisk som interessant og viktig for Dagens lesarar at ein i Kyrkjeverdsrådet går så langt som dei gjer i sitt siste misjonsdokument i religionstilnærminga.

Det er bra om Nordhaug ikkje identifiserer seg med dette, men dokumentet har så langt berre fått positiv mottaking og bruk i Den norske kyrkja sine økumeniske fora. Eg har for min del ikkje sett ein einaste kritikk frå ansvarlege organ, men eg får naturlegvis ikkje med meg alt.

Nordhaug kan ikkje halde fram å klage meg for å bruke dette større bildet av missiologisk debatt som fagleg bakgrunn for å forstå hans nye posisjon.

Dersom han ikkje finn seg til rette med si nye forståing innanfor denne vidare bruken av typologien, er det han sjølv som må klargjere, når han først vandrar så langt som han gjer i å identifisere seg i ei viss retning, «landa» eller ikkje.

Les også
Rolf Kjøde og inklusivismen
Les også
Om frelse i religionane – og ved livets slutt