UNIK FRELSE: Skrifta slår fast at evangeliet om den unike frelsa i Kristus må nå ut til alle, skriv Rolf Kjøde.

Om frelse i religionane – og ved livets slutt

Eg identifiserer meg med smerta i å halde fast læra om Guds vreide i dommen. Samtidig trur vi at det er rettferda som sigrar.

Biskop Halvor Nordhaug utfordrar meg i Dagen 26. mai til ei utvida ordveksling om religionsteologien i den nye boka hans.

Den hansken tar eg opp. I så måte er det å ønske at han òg svarar på utfordringar i det eg skreiv. Målet må vere å forstå kvarandre og drøfte ut frå det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nordhaug reagerer på at eg nemner det som har vore dei klassiske kjenneteikna på ei eksklusiv forståing av frelse i møte med religionar og religiøsitet, for så å sette han opp mot dette.

Frå mi side var det eit forsøk på å gjere tydeleg det som normalt blir forstått som hovudelementa i ei eksklusiv forståing.

Når biskopen så tydeleg flaggar at han har hatt ei slik forståing, men no har endra til inklusiv, ville eg på generelt grunnlag tydeleggjere kvar dette skiljet går slik at vi forstår kva vandringa har gått ut på.

Dei tre kjenneteikna er ganske klassiske for ei eksklusiv forståing, at frelsa berre er å finne i den Kristus som Skrifta forkynner, at religionane fører bort frå evangeliet og at forkynning av evangeliet er nødvendig – med særleg adresse til unådde.

Ei inklusiv forståing har eit kvalitativt anna syn på punkt to, at det finnest frelsande kapasitet og openberringsinnhald i religionane. Korleis dei to andre punkta blir tilpassa dette, varierer veldig.

Nordhaug held fast ved at frelsa berre er å finne i Kristus og at forkynning av evangeliet er nødvendig i alle land. I den grad eg har skapt inntrykk av noko anna, er det å beklage.

På den andre sida er det han sjølv som har plassert seg i ein ny inklusiv posisjon. Det er uråd utan å rekne med ei form for frelsande nærvær i religionane.

Kyrkjeverdsrådets siste misjonsdokument, Saman på veg mot livet frå 2012, går lengre. Dokumentet er utan markering av det eksklusive ved Kristi frelse. Tvert om blir annan religiøsitet kalla «livgivande spiritualitet».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dokumentet uttrykker i hovudsak vegring mot å forkynne evangeliet og inkluderer «dei andre» som ikkje deler kristen tru, som «partnarar i, ikkje objekt for, misjon». KV tar med dette markerte steg vekk frå den uttalen biskopen siterer med tilslutning frå San Antonio i 1989.

Mi største uro i møtet med Nordhaugs bok er framleis det eg les som ein type legitimering av at alle blir frelst til slutt. Han held rett nok fast «fortapelsens mulighet». Etter mi meining er det ikkje eit dekkande uttrykk. I NT forkynner både Jesus og apostlane fortapinga som ein evig «realitet», ei straff «borte frå Herrens ansikt og borte frå hans herlegdom og makt» (2 Tess 1, 9).

Misjonsforkynninga er derimot at det finns ein «frelsens mulighet» i møte med den «komande vreiden» (1 Tess 1, 10).

Vi som av naturen er under denne vreiden (Ef 2, 3), får ved evangeliet det nådige kallet til omvending og tru på Jesus, som ved sin død sona Guds straff for syndene våre.

Gud gjer i sin kjærleik alt for å berge oss frå den fortapinga «som er laga til for djevelen og englane hans» (Mat 25, 41).

Eg identifiserer meg med smerta i å halde fast læra om Guds vreide i dommen. Samtidig trur vi at det er rettferda som sigrar. Dommen er det nødvendige oppgjeret då alt skal gjerast opp.

Kanskje finns det nokon form for proklamasjon av frelsa med høve til omvending på den andre sida av døden for dei som aldri fekk del i evangeliet, men Skrifta stadfestar ikkje dette på ein slik måte at eg kan slå det fast.

Det den slår fast, er at evangeliet om den unike frelsa i Kristus må nå ut til alle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Veien til helvete er brolagt med gode hensikter
Les også
Motmelding mot en bokmelding