REGJERING: KrF vil naturleg nok gå til val på framhald for den regjeringa dei sitt i. Men om det ikkje skulle bli fleirtal, så vil KrF sjølvsagt sjå mot andre samarbeid, og då for å få så mykje sentrumspolitikk og gjennomslag som mogeleg, skriv Trude Brosvik. På biletet ser vi Olaug Bollestad, Kjell Ingolf Ropstad og Knut Arild Hareide frå landsmøtet i 2018.

Dagen-leiar innrømmer feil

Det er smått utruleg at ein no ber Knut Arild Hareide om å kome meir på bana for å redde partiet frå den utviklinga han åtvara mot.

Leiaren i Dagen 08.12.20 spør om det ekstraordinære landsmøtet der samarbeid mot H eller Ap vart avgjort, var KrF sitt «Røros-møte».

Nærare å innrømme eiga feilvurdering og engasjement har vel Selbekk og Dagen aldri vore?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For dei var absolutt ein aktør i det valet. Og det er smått utruleg at ein no ber Knut Arild Hareide om å kome meir på bana for å redde partiet frå den utviklinga han åtvara mot.

For sjølv om politikken er den same og dei politiske sigrane er mange, så ga kampen om samarbeidsvalet KrF eit stempel som «særinteresse-parti» på høgresida av norsk politikk.

Det skjer trass i store sigrar i sentrale saker som familiepolitikk og rettferdig fordeling. Opptrapping av barnetrygda, eingongsstønaden og fritidskortet er gode eksempel.

Det same er resultatet av forhandlingane med eit rabiat Frp-krav om null flyktningar og store kutt i uhjelpa. Og i den viktige distriktssaka som landbrukspolitikken er, så er KrF det beste alternativet!

Og det skjer sjølv om leiaren vår, Kjell Ingolf Ropstad, er tydeleg på at KrF er eit sentrumsparti og at valet av samarbeid var tidsbestemt og ikkje gjeld for all framtid.

Samtidig etterlyser avisa at partiet nyttar sterkare ord (ikkje bannskap riktignok) mot Sentrum, som er der fleire utbrytarar frå KrF har funne nytt engasjement. Dei nemner ikkje Partiet dei kristne, men eg går ut frå dei meiner det same om dei.

Det er ein demokratisk rett å lage nye parti for å fremje synet sitt. Men eg meiner det er uklokt, slik stoda er.

Derfor har eg valt, sjølv om eg var sterkt usamd i samarbeidsvalet med H/Frp, å halde fram arbeidet i KrF.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg deler synet på at både PDK og Sentrum svekker den politiske makta som reelt ligg i sentrum, med KrF (og på ein god dag; V/Sp), og dermed den viktige stemmen som bygger på eit kristent verdisett og som reiser etiske og krevjande diskusjonar rundt ideologiske spørsmål.

Så skjer endringar ofte fort i politikken. KrF vil naturleg nok gå til val på framhald for den regjeringa dei sitt i.

Men om det ikkje skulle bli fleirtal, så vil KrF sjølvsagt sjå mot andre samarbeid, og då for å få så mykje sentrumspolitikk og gjennomslag som mogeleg. Samarbeidet med Frp har vist både dei og oss at avstanden er for stor.

Les også
KrFs behandling av Sentrum illustrerer et av partiets kjerneproblemer
Les også
KrF-veteranene tar feil når de sier at partiet fortsatt står for sine gamle kjerneverdier