SJØLVKRITIKK: Vi ser det uheldige i at det vi gjorde, lett kunne tolkast som at vi tilrådde bruk av ei politisert bøn, og at det blei ekstra ille sidan det blei sett saman med ei sak frå rett før valget. Vi tar sjølvkritikk på det, skriv Svein Arne Lindø og Kjetil Aano. Biletet er frå Kyrkjerådets møte 26. september. (Foto: Fred C. Gjestad)

Dagen, Den norske kyrkja, Israel og Palestina

Vi er dessverre kommen i ein situasjon i vårt land der det det er djupe motsetningar mellom menneske som har eit sterkt engasjement for Israel, for Palestina, eller som for vår del, for begge delar.

Avisa Dagen har eit stekt is­ra­els­en­ga­sje­ment. Det er pris­ver­dig. Vi, som har eit en­ga­sje­ment som kjem til ut­trykk på ein noe annan måte, må finna oss i at vi av og til blir kri­ti­sert.

Den nors­ke kyr­kja vil gjer­ne lytta til kri­tikk. Men det er let­tast når kri­tik­ken ram­mar det vi ver­ke­leg står for og fak­tisk har gjort. Det er vans­ke­le­ga­re når vi opp­le­ver at først blir det teik­na eit bi­le­te som vi bare del­vis kjen­ner oss igjen i - og så kri­ti­se­rer ein bi­le­tet. Delar av Da­gens store opp­slag sist veke om Den nors­ke kyr­kja si støt­te til Freds­uka for Is­rael og Pa­le­sti­na fell etter vår mei­ning i sist­nemn­de ka­te­go­ri.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men vi øns­ker å lytta til kri­tikk. Også i Den nors­ke kyr­kja kan ting gje­rast ann­leis og betre. Og vi vil gjer­ne motta kon­struk­ti­ve inn­spel om vårt ar­beid. Vi ser det uhel­di­ge i at det vi gjor­de, lett kunne tol­kast som at vi til­råd­de bruk av ei po­li­ti­sert bøn, og at det blei eks­tra ille sidan det blei sett saman med ei sak frå rett før val­get. Vi tar sjølv­kri­tikk på det.

Det in­ne­ber ikkje at Den nors­ke kyr­kja gjen­nom MKR vil slut­ta å sam­ar­bei­da om Freds­uka for Is­rael og Pa­le­sti­na. Det heng saman med at Den nors­ke kyr­kja har eit sterkt en­ga­sje­ment knyta til Is­rael - og til Pa­le­sti­na. Dei som vil sjå kva inn­hald dette har, kan lesa våre grunn­lags­do­ku­ment.

Der går det heilt klart fram at Dnk støt­tar Is­ra­els rett til ek­sis­tens bak tryg­ge gren­ser, og tar av­stand frå ter­ror, og har stor for­stå­ing for på­kjen­nin­ga­ne det med­fø­rer å leva under eit vel­dig trykk. Sam­ti­dig har vi eit sterkt en­ga­sje­ment for Pa­le­sti­na, for dei pa­le­stins­ke krist­ne og for dei krist­ne i Midt­østen - og for pa­le­sti­na­ra­ne sine le­gi­ti­me po­li­tis­ke og men­nes­ke­le­ge ret­tar. Og i tråd med verds­sam­fun­net, mei­ner vi at Is­rael på lov­stri­dig måte ok­ku­pe­rer land­om­rå­de som til­høy­rer andre.

Vi er dess­ver­re kom­men i ein si­tua­sjon i vårt land der det det er djupe mot­set­nin­gar mel­lom men­nes­ke som har eit sterkt en­ga­sje­ment for Is­rael, for Pa­le­sti­na, eller som for vår del, for begge delar. Her kunne vi ønska at Dagen med sin gode kjenn­skap til og breie kon­takt med Is­rael, vågde å slep­pa til andre per­spek­tiv.

De­bat­ten om Is­ra­els fram­tid er vel så ny­an­sert i Is­rael som i Dagen! Slik kunne Dagen spela ei av­gje­ran­de, byg­gan­de, og per­spek­tiv­ut­vi­dan­de rolle.

Svein Arne Lindø

leiar, Kyrkjerådet, Den norske kyrkja

Les også
Ber om tilgivelse for «israelsk okkupasjon»Fredsuke
Les også
Politisk bønn i kirken
Les også
Bønnebråk i KirkerådetFredsuke