| Andakt

VART PREST: Jøden Richard Wurmbrand vart kristen i 1938. Han vart ordinert som prest og var aktiv i den kristne undergrunnsrørsla som stod opp i mot det kommunistiske regimet i Romania.

Då Richard Wurmbrand fekk sjå eit julemirakel

Publisert

Jødiske Richard Wurmbrand (1909–2001) konverterte til kristendommen då han var 29 år gamal, etter at ein rumensk snikkar delte evangeliet med han. 

Wurmbrand vart snart ordinert til prest – først anglikansk og seinare luthersk – og starta arbeid blant den store mengda jødar som budde i landet før andre verdskrigen.

Då krigen kom heldt han fram med evangelisering og fekk redda mange jødiske born ut frå gettoar.

Etter krigen vart Romania kommunistisk, og all religiøs verksemd vart ein ideologisk fiende av styresmaktene. Wurmbrand starta ei undergrunnskyrkje og vart ein leiarfigur for kristne som nekta å samarbeide med regimet.

Etter fleire fengselsopphald og mykje tortur kom han seg ut av landet. Berre ein månad etter at han var fri, i januar 1966, stilte han opp i NRK og fortalde om situasjonen i landet og hans kristne motstandskamp.

Slik vart han ein av årsakene til at «Misjon bak jernteppet» vart grunnlagt i 1967, som er aktiv den dag i dag under namnet Stefanusalliansen. Same året fekk han asyl i USA og skreiv mange bøker og historier om sitt liv i fengselet.

Ei av desse, utgitt i eit blad i september 1987, handla om eit julemirakel han vart vitne til i fengselet, og som han skildrar slik:

«Då eg sat i fengsel vart eg eingong svært sjuk. Eg hadde tuberkulose på overflata av båe lungene. Dessutan hadde eg diabetes, hjartefeil, gulsott og andre sjukdommar som eg ikkje ein gong kan hugsa. Eg var døden nær.

På høgre handa mi var det ein ortodoks prest som heitte Iscu. Han var abbed i eit kloster. Denne mannen, som kanskje var i førtiåra, hadde vorte så torturert at han var døden nær. Men andletet hans var fredfylt. Han snakka om himmelvona han hadde, om kjærleiken til Kristus, om trua si. Han utstrålte glede.

På venstre sida var den kommunistiske torturisten som hadde torturert denne presten. Han hadde vorte arrestert av sine eigne kameratar.

Ikkje tru avisene når dei seier at kommunistane berre hatar kristne eller jødar – det er ikkje sant. Dei berre hatar. Dei hatar alle. Dei hatar jødar, dei hatar kristne, dei hatar antisemittar, dei hatar ateistar, dei hatar alle.

Den eine kommunisten hatar den andre. Dei kranglar seg imellom, og då skjer det at den eine set den andre i fengsel og torturerer han, akkurat som dei ville ha gjort med ein kristen.

Denne jolaftanen mintest me ikkje berre at Jesus vart fødd for to tusen år sidan, men også at Jesus vart fødd i hjarta til ein kommunistisk mordar.

Og slik skjedde det at den kommunistiske torturisten som hadde torturert denne presten nesten til døde, sjølv hadde vorte torturert av sine kameratar. Og han heldt på å døy rett ved sida av meg. Sjela hans var i naud.

Ein gong i løpet av natta vakna han meg og sa: «Fader, ver så snill å be for meg. Eg kan ikkje døy, for eg har gjort så forferdelege brotsverk.»

Så såg eg eit mirakel. Eg såg den lidande presten kalla på to andre fangar. Og medan han lente seg på dei, gjekk han seint forbi senga mi, sette seg på sengekanten til denne mordaren og strauk han over hovudet. Eg vil aldri gløyma det. Eg såg ein myrda mann kjærteikna mordaren sin! Det er kjærleik.

Presten sa til mannen: «Du er ung, du visste ikkje kva du gjorde. Eg elskar deg av heile hjarta.» Men han sa ikkje berre ordet «elskar», han elska verkeleg.

Deretter heldt han fram: «Dersom eg som er ein syndar kan elska deg så mykje, førestill deg Kristus, som er den inkarnerte kjærleiken, kor mykje Han elskar deg! Og alle dei kristne som du har torturert, vit at dei tilgjev deg, dei elskar deg, og Kristus elskar deg. Han vil at du skal verta frelst meir enn du vil verta frelst. Du lurar på om dine synder kan verta tilgjevne. Han vil tilgje dine synder meir enn du vil at dine synder skal verta tilgjevne. Han vil at du skal vera med Han i himmelen mykje meir enn du vil vera i himmelen med Han. Han er kjærleik. Du treng berre angra og omvenda deg.»

I denne fengselscella der det ikkje var noko plass for privatliv, overhøyrde eg vedkjenninga til mordaren. Presten tilsa mannen deretter forlating for syndene.

Dei bad saman, gav kvarandre ein klem, og presten gjekk tilbake til senga si. Begge to døydde den same natta. Dette skjedde på jolaftan. Men denne jolaftanen mintest me ikkje berre at Jesus vart fødd for to tusen år sidan, men også at Jesus vart fødd i hjarta til ein kommunistisk mordar.»

Matt 5,9-12

Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born. Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira. Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen.

Powered by Labrador CMS