Meninger
IKKJE GRAV NED TALENTET: Eg blir rørt når eg møter nokon som brukar det dei har i tenesta i Guds rike. Nokre av dei har kanskje små talent ut frå storsamfunnet si vurdering. Når Gud får signa det, blir det likevel slett ikkje lite, skriv Olav Vestbøstad.
Adobe Stock
Bruk talenta dine!
Jesus fortel i Matteus 25 ei likning som skapar mange tankar hos meg. Likninga handlar om ein svært rik mann som reiser utanlands. Før han dreg, kallar han til seg tre av tenarane sine. Kvar av dei får ansvar for å forvalte ein del av formuen.
Ein av dei får fem talent, ein annan tre og den tredje fekk éin talent. Dei får alle beskjed om å forvalte talenta på best mogleg måte. Dei to som fekk mest, set midlane i omløp og fordobla verdien. Han som berre fekk éin talent, valde å grava den ned i jorda.
Frå eg var liten har eg synest synd på han som berre fekk éin talent. Det kunne ikkje vera rettferdig at denne rikmannen gjorde skilnad på folk på denne måten. Han fekk jo berre éin, medan ein kollega fekk fem! Eg har seinare lært at ein talent er det same som 6.000 dagsløner. Då er det tydeleg at sjølv berre éin talent er ein stor sum!