| Debatt
Braut kritiserer meg altså for å vera lat
KULTURKRIGEN: Dersom ho tenkjer at desse tre pastorane snakkar og reflekterer meir bibelsk eller teologisk enn eg, undrar eg meg over kva teologi tyder for Braut, skriv Marita Bjørke Ådland (bilete).
Privat
Tysdag 26. mai blei eg intervjua av avisa Dagen om min reaksjon på Kulturkrigen-podkasten og episoden om sterilisering. Sofie Braut kommenterer 29.5. mitt intervju med Dagen. Ho går til åtak på både underteikna og Ingunn Folkestad Breistein. Vi har begge, med litt ulik vektlegging, reagert på episoden, tatt til pennen og kommentert.
Eg opplever at Braut ikkje blir heilt samd med seg sjølv i dette innlegget om kva som er problemet med Breisteins og mine innvendingar. Ho er på den eine sida oppteken av at vi teologar framstår som late. For ordens skuld: Eg er ikkje teolog, men har, som Braut, hovudfag i litteratur og har jobba mange år som lektor ved ein kristen vidaregåande skule. Eg blei ordinert til presteteneste i Den norske kyrkja for ti år sidan.
Uansett: Braut kritiserer meg altså for å vera lat som ikkje tek tak i det denne podkasten eigentleg handlar om. Pastorane i podkasten er sjølv inne på at deira val og haldningar framstår som smale, og at mange av deira kjende har valt annleis. Nettopp difor opplever eg det dei tar opp (eller det som podkasten eigentleg handlar om, ifølgje Braut) som relativt marginalt, og eg trur ikkje dette er farlege haldningar som vil spreia seg.