Analyse
Bønefrukost med stadig meir bismak
Å samle verdas mektigaste for å lære av Jesus saman er neppe blitt lettare sidan den norske emigranten Abraham Vereide starta i 1953.
ÆRESGJEST: Donald Trump var sjølvskriven under Den nasjonale bønefrukosten i Washington sist torsdag.
Evan Vucci / AP / NTB
Den nasjonale bønefrukosten i Washington DC vert arrangert den første torsdagen i februar kvart år. Årets utgåve gjekk dermed av stabelen sist veke.
Ein treng ikkje vere nordmann for å synest at det er eit fascinerande arrangement, men det hjelper. Initiativet kom nemleg frå Abraham Vereide, som i ung alder utvandra frå Gloppen i Nordfjord og bygde seg eit stort nettverk i Amerika.
Og berre for å gi det ein ekstra personleg tvist: Under oppveksten i bygda Vereide var han nabo og leikekamerat av oldefaren til kona mi.