| Debatt
Blodig ayatolla-makt
IRAN: Ayatolla-regimet i Iran har gjennomført det mest blodige angrepet på sitt eige folk nokon gong sidan den islamske revolusjonen i 1979, skriv Johannes Morken. (Biletet viser øvste leiar Ayatolla Ali Khamenei.)
AP / NTB
Den kristne mannen ville hjelpa ein ven som var skoten av iranske tryggingsstyrkar. Då vart Mohsen (42) sjølv skoten i ryggen. Han blødde i hel fordi ayatolla-agentar hindra han i å koma til sjukehus. Eit slikt regime må vekk.
Ayatolla-regimet i Iran har gjennomført det mest blodige angrepet på sitt eige folk nokon gong sidan den islamske revolusjonen i 1979.
Tusenvis av fredelege demonstrantar er skotne og drepne – meia ned bakfrå, skotne i hovudet eller brystet, kaldblodig drepne med skarpe skot frå hustak. Ayatolla-regimet har sett sine verste menn til å massakrera fredelege demonstrantar som har ropt på fridom.