Misjon
FLEIRKULTURELLE: Born som har ein oppvekst prega av to ulike kulturar integrerer begge desse kulturane i seg sjølv, skriv Olav Vestbøstad.
Frank May / NTB
Bibelen, «Steingrunnen» og «Hvor er hjemme?»
Kvart einaste år sender Misjonssambandet ut nye misjonærar, og det er også nokre som avsluttar tenesta i utlandet. I helga var eg på periodesluttkurs for dei som har komme til Norge siste året. Desse samlingane er viktige for å prosessere erfaringar, dele kunnskap og ha godt åndeleg og menneskeleg fellesskap.
Det vart undervist om oppbrot, flytting og nyetablering. Å bu i ein anna kultur gjer noko med ein. Det gjer at overgangen til Norge ikkje er berre enkel. Det er mykje fint med å komme til Norge, men det inneber også at ein må reise frå noko. Noko er det kanskje godt å sleppe unna, men det er også svært normalt å kjenne på sorg og sakn. Dette gjeld dei som er vaksne, men kanskje ikkje minst borna. Nokre av dei har aldri budd i Norge før, eller det er så lenge sidan at dei ikkje hugsar noko særleg frå det.
Born som har ein oppvekst prega av to ulike kulturar integrerer begge desse kulturane i seg sjølv. Dei har med seg noko frå det landet der foreldra er frå og noko frå plassen der dei har budd. Desse kulturane blir blanda og kvart barn får sin eigen unike miks.