TRUSOPPLÆRING: Med få økonomiske ressursar viser ein kjærleik utan diskriminering. Kyrkjas satsing på trusopplæring har inspirert Dnk sitt arbeid, skriv Kjetil Aano. På biletet er pave Tawadros II i samtale med biskop Ole Christian Kvarme under mottakinga i Krypten under Oslo Domkyrkje etter gudstjenesten torsdag. Foran ser vi preses Helga Haugland Byfuglien.

Bibelen og paven frå Egypt

Også vi på protestantisk side får våre fordommar utfordra. Vi såg lenge på ortodoks kristendom som eit forelda uttrykk for kristen tru.

Økumenikk kan vera nyttig til mangt. Ikkje bare kan det bidra til at vi lærer andre å kjenna. Det kan også føra til at vi lærer noe nytt sjølv.

Sist veke var den egyptiske paven,Tawadros II på offisiell vitjing i Norge. Han kom saman med eit talrikt følge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var første gong ein egyptisk pave var i landet vårt og besøkte kyrkja vår. Slik er dette historisk. Samtidig er det uttrykk for aukande økumenisk engasjement frå begge sider.

Den egyptiske – eller koptiske kyrkja som den også blir kalla, som er ei av verdas eldste og fører si historie tilbake til dei første åra etter Jesu død, opnar her for nært samband med lutherske kristne.

Også vi på protestantisk side får våre fordommar utfordra. Vi såg lenge på ortodoks kristendom som eit forelda uttrykk for kristen tru. Og vi såg særleg på den egyptiske kyrkja som eksotisk og bortimot forsteina. Vi har måtta læra at det langt frå er tilfellet.

Norske kristne miljø har gjennom fleire tiår blitt betre kjend med denne kyrkja. Vi har reist meir. Og både gjennom misjonsorganisasjonar somNMS ogStefanus, og gjennom økumeniske organisasjonar har vi utvikla eit tillitsfullt samarbeid med personar i denne kyrkja. Og vi har blitt imponert over kyrkjas arbeid, hennar diakonale profil.

Med få økonomiske ressursar viser ein kjærleik utan diskriminering. Kyrkjas satsing på trusopplæring har inspirert Dnk sitt arbeid. 
Den koptiske kyrkja lever under eit sterkt trykk og er eit talmessig mindretal der muslimar utgjer eit stort fleirtal. Og ho lever i eit politisk system som strevar med å la demokratiske ideal finna vegen frå ord til politisk praksis.

Det kan sjå ut som om kyrkja lever i eit politisk fangenskap, men ein skal vera varsam med å trekka forhasta slutningar. 
Samtidig har kyrkja godt grep om sine medlemmer. I si orientering framheva paven fleire ting.

Han streka mellom anna under følgande som viktige måsettingar: At kristne skal bi verande i Egypt. At kristne og andre skal få tilgang på god og grundig utdanning. Og aller mest at alle kristne – og andre som ønsker det – skal få grundig kjenskap til Bibelen. Bibelen, sa paven, er «book of love, book of life and book of change». (Det er ikkje lett å omsetja, men det tyder: Bibelen er ei bok som både gir og fører til liv, kjærleik og forandring). Så la han til: Kanskje de har noe å læra av oss her!

Eg trur så menn han har rett i det. Økumenikk kan vera nyttig til mangt.