DAGLEG LEIAR: Marit Hårklau Ådnanes er dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden.

Beisk rot kan gjera stor skade

«Det er så mange såre og bitre menneske rundt om i forsamlingane», var det ein som sa ei stund tilbake. Så kan det sjølvsagt vera ulik oppfatning av det utsagnet. Men fleire stader stemmer det dessverre. Og eg treng ikkje gå lenger enn til meg sjølv for å finna ut at det faktisk av og til kan stemma. «Det du er deg bevisst kan du gjera noko med, det du ikkje er deg bevisst gjer noko med deg», er også sagt.

Når me så veit at ei forsamling består av enkeltmenneske; unike, fine menneske, men også ufullkomne, seier det også noko om at relasjonar og forsamlingsliv lett kan slå krøll. Kva ville du ha svara på følgjande påstand: «Eg veit at nokon i forsamlinga er bitter mot meg»? Utfallet vil påverka kor kalde eller varme relasjonane er i forsamlinga di.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så har Naturleg menighetsutvikling også konkrete forslag til korleis du som enkeltmenneske kan arbeida nettopp med dette dilemmaet. For det kan jo vera enkelt å berre snu ryggen til eller baksnakka dei vanskelege menneska. Så er det også slik, enn så irriterande det kan vera, at det meste startar med meg.

Kva med å prøva å få augekontakt med vedkomande som du har eit anspent forhold til og spørja korleis det går? Be Gud forandra korleis du ser på vedkomande? Legg gjerne også merke til korleis Jesus presenterer ein mogleg konfliktløysingsprosess i Matt. 18, 15-17.

I august fekk eg gleda av å vera på Hjertefokus. Ingenting kan skilja deg og meg frå Kristi kjærleik, men det er mange ting som kan hindra oss i å erfara Kristi kjærleik. Her arbeidde me på djupare plan i forhold til blant anna sår og avvisning me har opplevd i livet.

Me kan reagera på ulikt vis; bli sjølvmedlidne og motlause, kjenna oss usikre, mislukka og ha ei kjensle av mindreverd. Eller me kan reagera meir med opprør; bli manipulerande, kritiske, fornærma og bitre.

Alle desse kjenslene og reaksjonsmønstra hindrar Kristi kjærleik i å nå skikkeleg inn til meg. Mykje av det er løgntankar som eg treng å bli satt fri frå. Eg treng å erstatta dei med Guds sanne tankar som seier at Han elskar meg, alltid og uansett. Og eg treng å ta eit steg fram for å tilgi dei som har såra.

Jesus tok vår synd på korset, ja, men han tok også vår skam, våre nederlag, sår og bitre tankar. Han vil me skal kjenna oss frie – fri i Ham, og at me skal ha det godt med oss sjølv og dei rundt oss.

Så er ikkje dette ei unnskyldning for ikkje å ta tak i usunne ting i forsamlinga. Av erfaring veit eg likevel at ting ofte startar med indre prosess i meg sjølv. Om Gud vil utvikla sine karaktertrekk i meg, skjer det ikkje i eit vakuum.

Tolmod vert utvikla ved at mitt tolmod blir prøvd. Og indre fred vert utfordra av uro rundt meg. Så kan nettopp også livets stormar og kriser vera vårt kall til å søkja Gud på eit djupare plan.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Jag etter fred med alle, står det i Hebrearane 12. Og lat inga beisk rot få veksa opp og gjera stor skade. Eg vil prøva å gjera mitt, så kan du gjera ditt.