| Leder
Bannlyst i Berlin, men påkallar leselyst hos meg
BOKAKTUELL: Både den siste boka til Douglas Murray- og mottakinga ho har fått er interessant.
Skjermdump
Dødsspiralen i midtausten føder tallause bøker her vest. Ei av dei siste er skriven av den britiske journalisten og bestseljarforfattaren Douglas Murray.
Murray har skriveevner som har sikra han ein formidabel lesarkrins. I tillegg er han utstyrt med ei talegåve av dei sjeldne. Alle som har høyrt han gjesta verdas største podkastar vil vita kva eg siktar til.
Han er ikkje jøde, men har teke tydeleg stilling til støtte for Israel i den pågåande krigen mellom Israel og Hamas.