| Meninger
Både feil og fordomsfullt om Koranens verdisystem
KORANEN: Muslimane si heilage bok inneheld ikkje to ulike etiske system, hevdar student Khadija Owdah i eit svar til Dag T. Elgvin og Eivind Gjerde.
I innlegget «Mener Areopagos at Allah og Gud er den samme?» gir Dag T. Elgvin og Eivind Gjerde ei urettferdig framstilling av Koranens bodskap og tek vers ut frå konteksten sin.
Dei hevdar at Bibelen og Koranen har to forskjellige etiske system blant anna fordi Koranen har, hevdar dei, ein universell etikk i Mekka-perioden og ein dualistisk etikk i Medina-perioden der muslimar skal vere harde mot «vantru».
Dette er både feil og fordomsfullt. I dette innlegget skal eg vise nokre Medina-vers som viser at også vers frå Medina formidlar ein universell etikk der religionsfridom, toleranse og rettferd er sentrale.