For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

BLACK WEEK TILBUD 10 uker - 10 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Kommentar

NESTOR: Arne Dragsund og historiene om omsorgslandsbyane på Madagaskar set norsk psykiatri i perspektiv

Årets mest oppbyggjelege Dagen-sak kom tidleg i år

Dagen-saka om effektiv behandling av psykisk sjuke på Madagaskar, varmar hjarta, men tvingar også fram eit spørsmål. Har vi mista trua på kristen tru som ein nøkkel til god psykisk helse?

Publisert Sist oppdatert

Årets mest oppbyggjelege sak, kom brått på i år. Knappe to månader ut i 2024, fekk vi reportasjen om Arne Dragsund og hans oppsiktsvekkjande metodar for psykisk helsevern.

Historia om omsorgslandsbyane på Madagaskar i regi av den gassisk-lutherske kyrkja, har blitt lesen av mange. Det er lett å forstå. Det er både gledeleg og hjartevarmande å lesa om menneske sin veg ut i liv og lys og fridom få vanskelege livssituasjonar og tunge diagnosar.

Hyrde-rørsla på øya i sør er dessutan fascinerande. Den medmenneskelege og tilgjengelege tankegangen bak helsetilbodet, kombinert med tydeleg leiarskap og ivaretaking av åndelege behov hos dei sjuke, gjer sterkt inntrykk. Det same gjer faktum at folk vert friske, og kjem seg vidare i livet.

Powered by Labrador CMS