| Debatt
Arbeidarpartiet angrip kysten – og kallar det cruiseavgift
CRUISAVGIFT: Rutegåande skip, som hurtigruta, må fritakast frå cruiseavgifta, skriv Geir Pollestad.
Rune Stoltz Bertinussen / NTB
Senterpartiet er ein tydeleg forsvarar av hurtigruta. Daglege seglingar mellom Bergen og Kirkenes – året rundt – er viktige for livet langs kysten vår.
Vi har lenge arbeidd for at lokalsamfunn skal få sin rettmessige del av verdiskapinga frå cruisetrafikken. Ei cruiseavgift kan vere eit rett verkemiddel.
Men det regjeringa no legg fram, bommar grovt.