Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Leder

ABORTDEBATT: Aps Kamzy Gunaratnam meiner dagens abortgrense på 12 veker kan tolkast som eit uttrykk for negativ sosial kontroll frå staten si side. Det er useriøst.

Ap rotar til abortdebatten

Publisert Sist oppdatert

Onsdag kom nyheita frå helseminister Ingvild Kjerkol. Ikkje uventa er det no vedteke at regjeringa skal leggja fram forslag til ny abortlov. Hovudmomentet i debatten dreier seg om utvidinga av grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker.

Utvidinga av grensa til 18 veker er ofte framstilt litt tvitydig frå forkjemparane si side. På den eine sida ser dette ut til å vera ein viktig markør for kvinners rett til å «bestemma over eigen kropp» som det heiter i slagordet.

På den andre sida vert utvidinga tona ned som eit meir teknisk «kart- og-terreng-spørsmål», der lovverket no skal harmonera meir med det som alt er praksis. I dei aller fleste tilfella får kvinner innvilga abort mellom 12 og 18 veker også med dei atterhalda som dagens lovverk legg opp til.

Powered by Labrador CMS