| Debatt
Ansvarleg skuleleiing er å respektere streikeretten
KREV TARIFF: Det er framleis streik ved Bergen Kristne Grunnskole.
Johanna Hundvin Almelid
Advokat Bernt Hodne bruker mykje plass på å forklare at Bergen Kristne Grunnskole har rett til å seie nei til tariffavtalen Utdanningsforbundet krev. Det er vi heilt einige om. Ingen har hevda noko anna.
BKG har rett til å seie nei. Lærarane har rett til å bruke streik for å prøve å få arbeidsgivar til å seie ja. Det er slik ein lovleg interessekonflikt fungerer.
Spørsmålet er kva skulen har gjort etter at lærarane gjekk til streik 14. april.