For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

🍁 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Minneord

Andreas Vistnes til minne

GOD PENN: Ein var alltid trygg på å få ei god sak frå Andreas sin penn, skriv Johannes Kleppa.
Publisert Sist oppdatert

Andreas Vistnes er død 66 år gamal. Han var i over 20 år journalist i Dagen, og omtrent halvparten av denne tida hadde eg gleda av å samarbeida med han i kraft av å vera redaktør. Andreas var ein reflektert, lyttande og hyggeleg kar som det var kjekt å vera saman med. Han hadde ei tydeleg, men litt lågmælt kristentru.

Han var på fleire område kunnskapsrik, men han var særleg oppteken med litteratur og kultur generelt. Vi samarbeidd mykje om kulturdekkinga i Dagen. Ein var alltid trygg på å få ei god sak frå Andreas sin penn, både innhaldsmessig og språkleg. Særleg hans portrettintervju var ofte av høg fagleg og journalistisk kvalitet.

Andreas var god med ord, ein språkmeistar. Det kom til uttrykk i alt han skreiv, men kanskje særleg det som var av meir kåserande karakter, anten det var petitartiklar i avisa eller kåseri i NRK.

Powered by Labrador CMS