Click to add caption
Gorm Kallestad / NTB
Alt frå snop til høgkultur: Perfeksjoner påska med desse tipsa
Påska er ei tid for å auka både kalori- og kulturkapital. Det beste er likevel at dette skjer i kontrollerte former. Her er guiden som kvalitetssikrar.
Musikk:
Requiem i d-moll (1791) Wolfgang Amadeus Mozart
Unn deg gjerne Monteverdi Choir, English Baroque Soloists & John Eliot Gardener-innspelinga frå 1987. Kanskje du ikkje har vore borti dette materialet sidan du i ein fjern musikktime såg den biografiske filmen «Amadeus»? Det austerrikske vedunderbarnet starta komponistkarrieren som femåring. Musikken overgår likevel hans fengslande CV. Dødsmessa has formidlar det musikalske alvoret vi treng – frå øvste hylle.